IKT-U døme på klausular

IKT-U punkt 5 standardavtalane er i eit slikt tilfelle at kunden får ein ikkje-eksklusiv bruksrett til den delen av leveransen som var utvikla på førehand enten av leverandøren eller av tredjepart, og både opphavsrett og endringsrett til dei delar av leveransen som er spesielt utvikla for kunden. Det kan vera svært krevjande å utforma avtale og spesifikasjon slik at det klårt går fram kva for delar av leveransen kunden har fulle rettar til, og kva for delar han berre har bruksrett til. Gjennom levetida for ei løysing, kan ei slik blanding av eksklusive og ikkje-eksklusive rettar gi store vedlikehaldsvanskar. Ved oppgradering av standardsystemet må ofte også tilpassingane oppdaterast for at dei ulike systemdelane kan virka saman slik det var tenkt. Slik oppdatering krev kompetanse både på standardprogramvara og tilpassingane. For spesielle løysingar kan denne kompetansen vera både praktisk vanskeleg og svært kostbar å vedlikehalda.