Avtaleregulering av rettar til programvare i olje- og gassindustrien
Avtaleregulering av rettar til programvare i olje- og gassindustrien
Kandidatnummer: 626
Leveringsfrist: 25. april 2009
Til saman 16932 ord 25.04.2009
Innhaldsforteikning
1 INNLEIING 1
1.1 Bakgrunn 1
1.2 Problemstillingar og rammer 3
1.3 Tre sentrale omgrep 4
1.3.1 Programvare/datamaskinprogram 4
1.3.2 Kjeldekode 5
1.3.3 Objektkode 6
2 DET OPPHAVSRETTSLEGE UTGANGSPUNKTET 6
2.1 Programvare som opphavsrettsleg objekt. 6
2.2 Det opphavsrettslege subjekt, kven innehar opphavsretten 10
2.2.1 Den originære opphavsmann 10
2.2.2 Den originære opphavsmannens suksessor 11
2.2.3 Opphavsrett til verk skapt i arbeidsforhold 12
2.3 Opphavsrettens innhald 13
3 OVERFØRING AV OPPHAVSRETT VED AVTALE. TOLKINGSPRESUMSJONAR.
16
4 BRUKSRETT 19
4.1 Generelt om rett til bruk av programvare 19
4.2 Bruksrettens minste innhald 19
4.3 Bruksrettsmodellar og vederlagsformer 22
4.4 Bruksrettens grenser 25
4.5 Amerikanske eksportrestriksjonar, bruk av programvare i Iran 29
4.6 Bruksrettens tidshorisont 31
4.7 Vedlikehald og bruksrett til framtidige versjonar 32
5 TILGANG TIL KJELDEKODE 36
6 RETT TIL ENDRING 39
7 RETT TIL VIDARE OVERFØRING 43
8 OPEN PROGRAMVARE 48
9 AVSLUTTANDE MERKNADER 50
10 LISTE OVER LITTERATUR VIST TIL I TEKSTEN A
11 LISTE OVER AVTALEDOKUMENT VIST TIL I TEKSTEN B
12 LISTE OVER LOVER, FORARBEID, TRAKTATAR O.L. VIST TIL I TEKSTEN D
13 LISTE OVER RETTSAVGJERDER VIST TIL I TEKSTEN E
13.1 Publiserte dommar E
13.2 Publiserte underrettsdommar E
13.3 Upubliserte dommar E
13.4 Utanlandske dommar E
1 Innleiing
Ingen forretningsorganisasjon kan i dag klara seg utan omfattande bruk av programvare. I dei fleste større organisasjonar er det slik at all verksemd, enten det er i produksjon, marknadsføring eller støttefunksjonar, er avhengig av eit mangfald av applikasjonar som er samansett av programvare som er framskaffa til ulike tider, på ulike måtar og frå ulike kjelder.
Utviklinga i programvarebransjen skjer svært fort, og det er ei utbreidd oppfatning at utviklinga er akselererande. Likevel er det slik at bruksperioden og dermed den relevante avtaleperioden for programvare godt kan strekka seg over to til tre tiår. Det vil også vera tilfelle for programvare som blir anskaffa i dag. Utbreidd bruk av virtualisering og tenesteorientert arkitektur (SOA)1 inneber kanskje at forventa levetid for programvare i dag faktisk er lenger enn før.
Dei fleste større føretak er i kontinuerleg organisatorisk og kommersiell endring. Slik endring vil ofte medføra at bruksmønsteret av programvare blir endra, ny bruk fører med seg ynskjer om vidareutvikling, og i samband med fusjonar, sal av verksemd og utsetting av oppgåver kan det vera nødvendig å overføra disposisjonsretten over programvare til andre føretak.
For dei fleste eignelutar medfører slik omdisponering gjennom brukstida ikkje spesielle juridiske utfordringar. Dei er kjøpt og betalt, og føretaket kan disponera dei etter eige ynskje. Den som har erverva eigedomsretten til ein ting kan disponera tingen som han vil med mindre noko anna er avtalt. Med programvare, og for så vidt andre åndsverk, er det annleis. Det meste av den programvare som inngår i porteføljen til eit større føretak, vil
1 Service Oriented Architecture
både i norsk og internasjonal rett falle inn under reglane om opphavsrett for åndsverk.2 Dette inneber blant anna at ved erverv av disposisjonsrett til programvare er det berre dei uttrykkeleg avtalte rettar som blir overført. Alle andre rettar blir igjen på avhendar si hand, og ervervar kan berre disponera programvara slik som det er avtalt ved ervervet. Slik kan dei avtalte rettane bli eit statisk element som bremsar utviklinga i ein dynamisk organisasjon.
Utgangspunktet i reglane om opphavsrett til åndsverk er at den eller dei einskildmenneska som har brakt fram åndsverket har einerett til å framstilla eksemplar av det, og til å gjera desse tilgjengelege for ålmenta. Dersom eit føretak skal få slik rett til å disponera eit åndsverk, må heile eller delar av denne retten overførast ved avtale eller anna rettserverv. For programvare vil det typisk vera slik at opphavsretten gjennom arbeidsavtalen går over frå programmerarar og andre ’frambringarar’ til det føretaket dei er tilsette i eller arbeider for.3 Dette føretaket inngår i sin tur avtalar med andre føretak, brukarorganisasjonar og einskildbrukarar. Slike avtalar kan ha eit uendeleg mangfald av ulike variantar av reguleringar og avgrensingar av den retten som blir overført.
Olje- og gassindustrien er prega av store internasjonale selskap. I dei fleste av desse selskapa har det gjennom mange år vore arbeidd med å sentralisera og standardisera støttefunksjonar i det som i bransjen blir kalla ’shared services’. Det inneber sentral forvaltning på tvers av lande- og organisasjonsgrenser, og eit sterkt press mot færre variantar og færre leverandørar. Dette gjeld også forvaltning av programvare. Det blir brukt store ressursar på harmonisering og standardisering av løysingar som fører til reduksjon av talet på programvarevariantar.
I programvareindustrien skjer ei stadig konsolidering der selskap blir kjøpt opp og fusjonerer. Likevel kan det sjå ut som om knoppskytinga er sterkare enn tendensen til konsolidering. Det gjeld kanskje i særleg grad programvareleverandørar til olje- og gassindustrien, der eit høgt tempo i teknologiutviklinga opnar stadig nye rom der spesiell programvare kan støtta opp under og effektivisera produksjons- og styringsprosessar. Det
2 Sjå nærare om dette under punkt 2.1
3 Sjå nærare om dette under punkt 2.2.3
er ofte små selskap med høgt spesialisert kompetanse som er i stand til å utnytta dette og bringa fram ny programvare som er interessant for olje- og gassindustrien. Mange slike selskap er bygd på idear og løysingar som først er brakt fram innanfor eit oljeselskap.
Sentrale utviklingsressursar har så, enten i samarbeid med oljeselskapet eller på eigen risiko, gått i gang med vidareutvikling av det som blir til eit kommersielt produkt. Det er også fleire døme på at fleire oljeselskap har gått saman om å finansiera utvikling av eit produkt som så blir kommersialisert gjennom den organisasjonen som driv utviklinga. Eit kjent døme på dette er LicenseWeb for norsk sokkel der alle operatørar på norsk sokkel sto bak utviklinga.
Dette inneber at talet på leverandørar av programvare og ulike avtalar om rettar til programvare ikkje ser ut til å bli særleg redusert. Mangfaldet av avtalar som definerer selskapa sin disposisjonsrett over programvareporteføljen er stort og uoversiktleg. Dette mangfaldet av avtalar blir til i eit system- og organisasjonslandskap som er under kontinuerleg endring.
1.2 Problemstillingar og rammer
Ei sentral oppgåve for dei som arbeider med avtalar om rettar til programvare i ein brukarorganisasjon, er å sikre at organisasjonen til føreseielege kostnader har tilgang til å nyttiggjere seg funksjonell programvare over tid. Dårlege eller manglande standardar for avtalar som regulerer rettar til programvare kan i eit dynamisk landskap med eit stort mangfald av leverandørar føra til store kostnader når ein må kjøpa opp nye rettar for den programvara ein har i bruk, eller legga om til ny programvare fordi ein manglar rett til å disponera programvara ein har slik ein treng. Derfor er det for eit selskap som ynskjer å ha kontroll på framtidige kostnader, viktig å ha avtalestandardar som er robuste for endringar og opnar for ein mest mogleg fleksibel bruk av den programvareporteføljen ein har.
Denne framstillinga er eit forsøk på å skissere det opphavsrettslege rammeverket for avtalar om rettar til programvare, og gi ei problemorientert framstilling av den avtalepraksis som finst på området. Det er reguleringa av rettane som står i fokus, kontraktbrot og kontraktbrotsanksjonar fell utanfor ramma av framstillinga. Også andre immaterialrettslege
problemstillingar enn dei opphavsrettslege har eg valt å halda utanfor framstillinga. I fyrste rekke fordi dei har liten praktisk innverknad på avtalepraksis for det meste av programvare.
Framstillinga er laga med bakgrunn i praktisk arbeid med avtalar om programvare og IT tenester i StatoilHydro. Derfor er både perspektivet og praktiske døme henta frå olje- og gassindustrien. Truleg er mange av utfordringane dei same i dei fleste større føretak også i andre bransjar. For å unngå klausulering av framstillinga, er det i teksten berre vist til offentleg tilgjengelege dokument.
1.3.1 Programvare/datamaskinprogram
I forarbeida til åndsverklova4 blir omgrepet programvare definert til å omfatta både det settet av instruksjonar som er koda i formalspråk og utgjer det eigentlege datamaskinprogrammet, og dokumentasjon som forklarer korleis programmet verkar og kan brukast.5
Dette er i tråd med vanlege definisjonar i ordbøker. Nynorskordboka definerer programvare slik: ’program til bruk i elektronisk databehandling med reglar og instruksjonar som høyrer til’. Program er i sin tur i denne forstand definert som ’ sett av instruksjonar for ein teknisk prosess edb-p- / vaskep-’. Tilsvarande definerer det amerikanske oppslagsverket Merriam & Webster Online omgrepet ’software’ slik: ’the entire set of programs, procedures, and related documentation associated with a system and especially a computer system ; specifically : computer programs’
I programvaredirektivet er også spesifikasjonsmateriell (’preparatory design work’) brakt inn under definisjonen av ’computer programs’,6 og i den odelstingsproposisjon som førte fram til inkorporering av direktivet i norsk rett blir dette også brakt inn under definisjonen av dataprogram i den norske lova: ’Det er presisert i direktivet at også forberedende
4 Lov om opphavsrett til åndsverk m. v. (åndsverkloven) av 12. mai 1961 nr 2
5 Ot.prp.nr.33 (1989-1990) s. 5
6 Rdir 91/250/EEC art 1.1
designmateriale til et datamaskinprogram, er beskyttet som datamaskinprogram. Dette betyr at slikt designarbeid som fører til utvikling av et datamaskinprogram, faller inn under betegnelsen «datamaskinprogram» i åndsverklovens forstand. Det er en forutsetning at dette designmateriale kan resultere i et ferdig utviklet datamaskinprogram på et senere stadium’.7
Dokumentasjonen skil seg ikkje frå annan teknisk litteratur, og treng ingen spesiell regulering. Derfor er det ’datamaskinprogrammet’ og ikkje ’programvare’ som er særskilt verna i åndsverklova.
Odelstingsproposisjon nr 33 bruker ordet ’kildeprogram’. Dette ordet er i Norsk dataordbok definert som ’program skrevet i kildespråk’. Kildespråk er igjen definert som ’[d]et inngående programmeringsspråket til et oversetterprogram’, og kjeldekode er definert som ’[i]nndata til en kompilator eller assembler som er skrevet i et kildespråk’. Dette samsvarer nokså godt med den definisjonen Merriam & Webster Online gir på det amerikanske omgrepet ’source code’ som nok er bakgrunnen for det norske ’kjeldekode’: ’ a computer program in its original programming language (as FORTRAN or C) before translation into object code usually by a compiler’
GNU General Public License bruker ein enklare, og kanskje meir funksjonell definisjon: ’The "source code" for a work means the preferred form of the work for making modifications to it’.8
I denne framstillinga vil uttrykket kjeldekode bli brukt for datamaskinprogrammet i sin originale form, den form som ein programmerar kan forstå og gjera endringar i. Retten til å få tilgang til og lov å endra i kjeldekoden er ofte gjenstand for spesiell regulering i avtalar om rettar til programvare.
7 Ot.prp. nr. 84 (1991-1992) s. 15
8 GNU GPL artikkel 1.
Objektkode er den andre hovudforma eit datamaskinprogram kan finnast i. I odelstingsproposisjon nr 33 er dette omtalt som objektprogram. I Norsk dataordbok er dette definert som ’[d]en koden som framstilles av et oversetterprogram, og som kan utføres på den aktuelle datamaskinen’. Igjen har GNU General Public License ein enklare og kanskje meir funksjonell definisjon: ’"Object code" means any non-source form of a work.’9
Objektkode er ikkje leseleg for menneske, og kan berre nyttast i ein datamaskin. Eg vil i denne framstillinga bruka omgrepet objektkode, og forstå det synonymt med omgrepa ’objektprogram’, ’maskinkode’ og ’eksekverbar kode’. Standard programvare blir oftast berre omsett i objektkode. Slik kode kan ikkje endrast utan å gå vegen om ’dekompilering’ eller ’reverse engineering’. Dei fleste større leverandørar av programvare har eksplisitt forbod mot dette i sine standard avtalar for disposisjonsrett. For dei fleste praktiske formål vil dei praktiske vanskane med dekompilering i seg sjølv innebera at brukaren ikkje kan endre i programvare han berre har tilgang til som objektkode.
2 Det opphavsrettslege utgangspunktet
2.1 Programvare som opphavsrettsleg objekt.
Etter åndsverklovas § 1 får den som skaper eit ’åndsverk’, opphavsrett til verket. Åndsverk er igjen kategorisert som ’litterære, vitenskapelige eller kunstneriske verk’, og i § 1 andre ledd nr 12 er ’datamaskinprogrammer’ nemnt som slike verk.
9 l.c.
10 Ot.prp.nr.33(1989-1990) s. 7
også slått fast at dette er i tråd med oppfatninga i dei fleste land, og at datamaskinprogram internasjonalt er verna som litterære verk etter Bern-konvensjonen11 og Verdenskonvensjonen om opphavsrett12.
På dette rettsområdet er det stor internasjonal sameining. Dei nordiske landa har hatt eit tett lovsamarbeid, og utgreiingar og lovtekstar er i stor grad samordna. I EØS-landa er lovverket godt harmonisert på bakgrunn av fleire direktiv. For denne framstillinga er det viktigaste av desse programvaredirektivet, Rdir 91/250/EEC. Det er også etablert omfattande internasjonale traktatar med tilslutning frå dei fleste land i verda. I september 2008 hadde 164 land slutta seg til Bern-konvensjonen.13
Tidlegare var det eit grunnleggande skilje mellom jurisdiksjonar basert på angloamerikansk tradisjon og jurisdiksjonar basert på ein kontinentaleuropeisk tradisjon (som dei nordiske landa). Den angloamerikanske tradisjonen er fokusert på dei økonomiske rettar knytt til eksemplaret, medan den kontinentaleuropeiske tradisjonen er fokusert på opphavsmannens rettar til det meir abstrakte verket. Dette avspeglar seg i det engelske omgrepet ’copyright’ på den eine sida, og det franske omgrepet ’droit d’auteur’ på andre sida.14 Skilnaden mellom retten i desse to tradisjonane er dei siste åra sterkt redusert gjennom harmoniseringsarbeidet i EU og arbeidet med dei internasjonale traktatane.
For å kvalifisera som ’åndsverk’ må verket vera eit resultat av skapande innsats frå opphavsmannen. Det er i lovteksten ikkje nærare definert kva som ligg i dette, men i teori, forarbeid og rettspraksis er omgrepet ’verkshøgd’ tatt i bruk. Eit verk må tilfredsstilla visse krav til verkshøgd for å få opphavsrettsleg vern. Wagle og Xxxxxxxx bruker stikkorda skapt, sjølvstendig og originalt for å forklare innhaldet i dette omgrepet.15 Verket må vera skapt i den forstand at det er eit resultat av skapande åndsarbeid, sjølvstendig i den forstand
11 Bern-konvensjonen til beskyttelse av litterære og kunstneriske verk av 9. september 1886.
12 Verdenskonvensjonen om opphavsrett, Genève 6. september 1952
13 Opplysning om tilslutning er henta frå Wikipedia sin artikkel under oppslagsordet ’Berne Convention for the Protection of Literary and Artistic Works’, slik den finst på internett 13. mars 2009.
14 Xxxxx og Xxxxxxxx (1997) s. 39-40
15 ibid s. 113
at det ikkje er ei etterlikning av eit anna verk og originalt i den forstand at det har eit preg av opphavsmannens individualitet.
I programvaredirektivets artikkel 1.3 blir det sagt at eit datamaskinprogram er verna dersom det er originalt i den forstand at det er ’the author’s own intellectual creation’, og i fortalen blir det sagt at i vurderinga av om det er eit originalt verk, ’no tests as to the qualitative or aesthetic merits of the program should be applied’.16
På bakgrunn av EU-direktiva kritiserer Koktvedtgaard verkshøgd-omgrepet. Han meiner at dette omgrepet impliserer eit kvalitetskrav, og fokuserer på originalitetskravet.17 Trass i dette er omgrepet ennå brukt i norsk litteratur,18 men ein kan heller ikkje i norsk rett stilla kvalitetskrav utover at det skal vera ’the author’s own intellectual creation’ for at eit datamaskinprogram skal oppnå opphavrettsleg vern.
I motsetting til naturlege språk der tydingsnyansar og mangfald er stort, er dei formalspråk eit datamaskinprogram er bygd opp i veldefinert i minste detalj, og ordforrådet er svært avgrensa. Dette skulle ein tru førte til at det var lite rom for individuell utforming, og at datamaskinprogram ofte ikkje har det preg av original individualitet som er nødvendig for å oppnå opphavrettsleg vern. Dette er nok tilfelle for enkle frittståande program som utfører heilt enkle funksjonar. Røyndommen viser likevel at det skal svært liten auke i kompleksitet til, før programmet får eit preg som ’the author’s own intellectual creation’.
Eit litt negativt uttrykk for dette er spissformuleringa at eit program som har fleire enn tre instruksjonar, har minst ein feil eller utilsikta funksjon.
I odelstingsproposisjonen om opphavsrett og edb blir dette sagt slik: ’departementet antar likevel at det typiske vil være at et program av noen kompleksitet, og som har interesse for markedet, er så preget av den eller de som står bak programmet, at det ikke vil være tvilsomt at det tilfredsstiller kravene for verkshøyde’.19
16 Rdir 91/250/EEC
17 Koktvedgaard (2005) s. 62
18 Sjå til dømes Føyen (2006) s. 82
19 Ot.prp.nr.33 (1989-1990) s. 14
Åndsverket er det konkret skapte verket. På den eine sida må det avgrensast mot den kunnskap og dei prinsipp som verket byggjer på. Kunnskapen er fri. I programvaredirektivets artikkel 1.2 er dette uttrykt slik at det er ’the expression of the computer program in any form’ som er verna, og at ’ideas and principles which underlie any element of a program [...] are not protected by copyright under this Directive’.20
Etter § 2 fyrste ledd er verket verna også i endra, omarbeidd og omsett form. Det vil for datamaskinprogram seie at verket er det same og har det same vernet eller mangel på vern enten det ligg føre som kjeldekode, i kompilert form som objektkode eller med mindre feilrettingar og endringar. Slik sett kan fleire versjonar av eit datamaskinprogram framstå som det same opphavsrettslege objekt. Dette inneber også at mange av dei endringar, feilrettingar og tekniske tilpassingar som blir gjort i eit program gjennom livssyklusen, ikkje har tilstrekkeleg sjølvstendig verkshøgd til å konstituera eit nytt verk verken aleine eller saman med det opphavlege programmet.
Dokumentasjonen, som er det andre hovudelementet i omgrepet programvare, er også verna dersom den tilfredsstiller det generelle kravet til verkshøgd for litterære verk. Dokumentasjonen er imidlertid ikkje omfatta av spesialreglane for datamaskinprogram, men av dei generelle reglane for litterære verk.
Dei siste åra har det blitt vanleg at svært mange programvareløysingar har funksjonar for konfigurering og parametersetting der brukarorganisasjonen sjølv kan bygga og tilpassa funksjonalitet utan å endra på sjølve koden til programvara. Ved å manipulera sentrale parametrar for programmet, vil ein kunne påverka funksjonaliteten sterkt utan å generere
20 Rdir 91/250/EEC art 1.2
eigentleg ny kode i form av instruksjonar. Konfigureringsoppsett og parameterstrukturar bygd i slike løysingar kan vera svært komplekse og vil dersom dei tilfredsstiller krava til verkshøgd, kunne karakteriserast som sjølvstendige litterære verk og ha vern som slike. Ettersom dei ikkje inneheld eigentlege instruksjonar, vil dei nok falla utanfor definisjonen av datamaskinprogram, og derfor ikkje falla inn under dei spesielle reglane for dette.
Dersom dei ikkje har den originalitet og det individuelle preg som skal til for å bli kategorisert som åndsverk, vil dei dersom dei har nødvendig kompleksitet og omfang kunne vera verna av den såkalla katalogregelen i åndsverklova § 43.
Nokre løysingar har også programmeringsliknande verktøy som brukaren kan ta i bruk, til dømes ABAP i den svært mykje brukte programpakka SAP. Slike verktøy som ABAP er laga for å supplera dei instruksjonar som den opphavlege koden består av, og kode laga med slike verktøy vil i opphavsrettleg terminologi klart kategoriserast som datamaskinprogram, og ha vern som dette.
2.2 Det opphavsrettslege subjekt, kven innehar opphavsretten
2.2.1 Den originære opphavsmann
Etter åndsverklovas § 1, 1. ledd er det ’den som skaper et verk’ som har opphavsretten til verket. Dette inneber at opphavsretten alltid oppstår hos ein fysisk person. Xxxxxx Xxxxx Xxxxx seier det slik i sin kommentar til åndsverklova: ’ juridiske personer og offentlige etater […] kan nemlig ikke prestere den skapende virksomhet som fordres for originært rettserverv’.21
Det er altså den eller dei fysiske personar som faktisk skaper verket som er dei originære opphavsmenn. I programvaredirektivet er dette uttrykt ved at ’[t]he author of a computer program shall be the natural person or the group of natural persons who has created the program’.22
21 Vyrje, Kommentar til åndsverklovens kapittel 1, note 1
22 Rdir 91/250/EEC artikkel 2
Eit datamaskinprogram blir ofte skapt i ein prosjektorganisasjon der det er fleire deltakarar som i samarbeid yter den skapande innsats som er nødvendig for sluttresultatet. Etter åndsverklova § 6 erverver alle dei som har ytt ein sjølvstendig og skapande innsats til verket opphavsretten i fellesskap, dersom kvar einskild deltakars verk ikkje kan skiljast ut som sjølvstendige, individuelt skapte verk. Dette fellesskapet inneber at kvar einskild av opphavsmennene ikkje kan rå over eit slikt fellesverk utan samtykke frå dei andre, og at kvar einskild av dei kan påtala brot på opphavsretten.23
Vilkåret for at ein bidragsytar skal få del i denne felles opphavsretten er at han har ytt ein sjølvstendig skapande innsats, og ikkje berre bidrege med teknisk hjelp eller med kunnskap og bakgrunnsinformasjon.24
Ein god illustrasjon til det siste finn ein i den engelske avgjerda i saka frå 1998 mellom Fylde Microsystems Ltd og Key Radio Systems Ltd (KRS).25 Fylde Microsystems laga programvara ’Keyport’ for bruk i KRS’ radioar, og KRS bidrog med spesifikasjon, testing og forslag til løysingar av detaljspørsmål. Spørsmålet i saka var om KRS med dette fekk del i opphavsretten, eller i engelsk terminologi ’joint authorship’. Dette blir avvist av retten med desse orda: ’Although all of [KRS’ representative’s] contributions took a lot of time and were very valuable they did not amount to contributions to the authoring of KEYPORT’.26
2.2.2 Den originære opphavsmannens suksessor
Når åndsverklova taler om opphavsmannen, omfattar dette både den originære og den som har fått opphavsretten overdratt til seg, den originære opphavsmannens suksessor. Etter åndsverklovas § 3 kan den originære opphavsmann berre i svært avgrensa grad fråskriva seg dei såkalla ideelle rettane (sjå nedanfor om det nærare innhaldet i desse rettane). Alle andre rettar kan etter § 39 fyrste ledd heilt eller delvis overførast til andre.
23 Sjå om dette Wagle og Xxxxxxxx (1997) s. 208 – 213
24 ibid s. 200
25 Chancery Division of High Court 1994 F No 5193, Hearing dates: 27 - 29 January, 1998
26 ibid avsnitt 40
Slik overføring er ein føresetnad for at ein juridisk person skal kunne utnytta åndsverket økonomisk. Det kan skje ved avtale eller ved andre rettserverv. Andre rettserverv enn avtale er i liten grad relevant for det som blir omtalt i denne framstillinga.
På dette feltet gjeld avtalefridom. Avtalen kan vera eksplisitt eller implisitt i andre forhold, skriftleg eller munnleg. Imidlertid er det slik at åndsverklova med spesialitetsregelen i § 39a set opp ein sterk presumsjon for å tolka avtalar om overføring av opphavsrett innskrenkande til fordel for overdragar. Spesialitetsregelen er slik sett ei sterk oppfordring til suksessorar i alle ledd om å sikra at den retten som blir overført er eksplisitt definert.
2.2.3 Opphavsrett til verk skapt i arbeidsforhold
I fylgje justisdepartementet er det i norsk rett ein ulovfesta regel at ’opphavsrett til verk skapt i ansettelsesforhold, i mangel av annen avtale, vil kunne anses overgått til arbeidsgiveren i den utstrekning det er nødvendig for at ansettelsesforholdet skal nå sitt formål og det dessuten er omfattet av arbeidstakerens oppgaver i arbeidsforholdet å skape slike verk’.27 Etter regelen i § 39b må ein gå ut frå at ein slik partiell overgang av opphavsrett ikkje inneber rett til vidare overdraging med mindre dette er utrykkeleg avtalt eller formålet med tilsettingsforholdet er å framskaffa åndsverk for vidaredistribusjon.28
Ved inkorporering av programvaredirektivet er det innført ein spesialregel for datamaskinprogram i åndsverklovas § 39g: ’Opphavsrett til datamaskinprogram som er skapt av en arbeidstaker under utførelsen av oppgaver som omfattes av arbeidsforholdet eller etter arbeidsgivers anvisninger går, med den begrensning som følger av § 3, over til arbeidsgiveren, med mindre annet er avtalt’. Det er i teorien litt ulike oppfatningar av kor langt denne ordlyden rekk. Det dominerande synet i norsk teori, er at alle økonomiske rettar går over på arbeidsgjevar, ikkje berre dei som skal til for at arbeidsavtalen når sitt formål.29 Det vil innebera at også rett til endring og vidare overdraging går over på arbeidsgjevar, og at regelen er vidare enn den ulovfesta regelen. I Føyens ’Kontrakter for
27 Ot.prp.nr.84 (1991-1992) s. 21
28 Koktvedgaard (2005) s. 105
29 Rognstad, Kommentar til åndsverklovens kapittel 3 note 77, samt Wagle og Ødegaard (1997) s.238
utvikling av programvare’ blir det hevda det avvikande syn at retten til endring og vidare overdraging ikkje går over på arbeidsgjevar etter denne regelen, men at regelen blir supplert av den ulovfesta regelen slik at retten til endring og vidare overdraging berre går over på arbeidsgjevar dersom det er nødvendig for å oppfylle arbeidsavtalens formål.30 På dette området er det ikkje nordisk rettsameining. I dansk rett går etter den tilsvarande regelen alle rettar til datamaskinprogram, både økonomiske og ideelle, over på arbeidsgjevar.31
Ved innleige av arbeidskraft kan reglane om opphavsrettens overgang i arbeidsforhold representera ei utfordring. Reglane inneber at opphavsretten til programvare som er utvikla av sjølvstendig oppdragstakar ikkje går over på oppdragsgjevar i større grad enn det som er avtalt.32 Ved innleige av arbeidskraft for utvikling av programvare eller andre åndsverk, vil den verksemda som leiger inn som oftast sikra seg i avtale at opphavsretten til det som blir utvikla blir overført til oppdragsgjevar. Dersom den sjølvstendige oppdragstakar er leigd inn utan mellomledd, eller den som er leigd inn, er midlertidig eller fast tilsett i den verksemda som leiger ut personellet, vil slik avtale saman med regelen om opphavsrett i arbeidsforhold i dei fleste tilfelle innebere at opphavsretten til det som blir utvikla går over på oppdragsgjevar. Dette er imidlertid avhengig av at utleigar har sikra seg denne retten sjølv. Marknaden for personell som driv programvareutvikling er svært dynamisk. Ofte er personell leigd inn gjennom fleire ledd, og ein vanleg konstellasjon er at einmannsføretak går gjennom større konsulentleverandørar for å få oppdrag. Dersom ein slik leverandør i avtalen med einmannsføretaket ikkje har sikra seg at all opphavsrett skal gå over, har dei heller ingen opphavsrett å gi vidare. Nemo dat quod non habet.33
Etter åndsverklovas § 2 fyrste ledd, jfr. § 1, får den som skaper eit åndsverk einerett til å rå over verket innan dei grenser som er fastsett i lova. Retten er nærare definert som einerett
30 Føyen (2006) s. 88
31 Koktvedgaard (2005) s. 107
32 Wagle og Ødegaard (1997) s. 237
33 Omsett: Ingen kan gi kva han ikkje har.
til eksemplarframstilling og til å gjera verket tilgjengeleg for ålmenta. Einerettane gjeld også verket i endra og omarbeidd form. Det er desse einerettane og retten til å overdra dei til andre som gir grunnlag for økonomisk utnytting av åndsverket.
Einerettane er etter § 12 avgrensa mot den ikkje-kommersielle private bruk av offentleggjorde verk, men dette unntaket frå einerettane gjeld etter andre ledd litra b ikkje framstilling av ’maskinlesbare’ eksemplar av datamaskinprogram. Med dagens teknologi er jo det meste maskinlesbart, men ein må gå ut frå at uttrykket slik det er brukt i lova omfattar datamaskinprogram som kan eksekverast i ein datamaskin utan kompilering eller annan form for omsetting, altså eit program i den form som ofte blir kalla objektkode.
Normal bruk av eit datamaskinprogram vil nesten alltid innebera ei eksemplarframstilling som er underlagt opphavsmannen sin einerett. Når ein lastar ned eit program frå internett, eller les det inn i maskinen frå eit lagringsmedium, blir det i maskinen laga eit midlertidig eksemplar.34 Etter programvaredirektivet35 artikkel 4 gjeld eineretten til eksemplarframstilling av eit datamaskinprogram både permanente og midlertidige eksemplar, same kva form dei har eller kva medium dei blir framstilt på. Vern av det midlertidige eksemplaret blei imidlertid ikkje uttrykkeleg tatt med i åndsverklova før ved endringa i 2005 som inkorporerer det såkalla opphavsrettsdirektivet36 i norsk lov. Etter språkbruken i forarbeida er dette meint som ei presisering, ikkje ei endring: ’ Bl.a. foreslås en presisering av eksemplarfremstillingsretten i § 2 slik at det gjøres klart at denne gjelder både varige og midlertidige eksemplar.’37
Dersom ein får tilgang til eit program gjennom eit nettverk, vil det ikkje alltid skje eksemplarframstilling for kvar brukar, men slik tilgjengeleggjering vil som oftast falle inn under eineretten til tilgjengeleggjering for ålmenta. I vanleg språkbruk vil ein med tilgjengeleggjering for ålmenta nok oftast forstå at noko blir gjort meir eller mindre tilgjengeleg for einkvar. Det som blir gjort tilgjengeleg på eit føretak sitt interne nettverk,
34 Torvund (1997) s. 144
35 Rdir 91/250/EEC
36 Rdir 2001/29/EC
37 Ot.prp. nr 46 (2004-2005) s. 10
er på ingen måte gjort tilgjengeleg for ålmenta i denne forstand. Etter språkbruk i både teori og rettspraksis ser det derimot ut til at ålmenta i åndsverklovas meining er definert negativt som det som ikkje er privat eller personleg. I Bedriftsmusikk-dommen, Rt 1953 s. 633, blir det sagt at det ’foreligger da offentliggjørelse av et åndsverk i alle tilfelle hvor utnyttelse ikke kan sies å være til privat bruk’.38 Vidare blei det sagt om kva som er privat bruk: ’ Uttrykket leder etter min mening tanken hen mot en snevert begrenset krets av personer som er knyttet sammen ved familie-, vennskaps- eller omgangsbånd’.39 Denne forståinga er støtta i Videogramdommen, Rt 1991 s. 1296. Der blei ein mann dømd for å ha lånt ut kopiar av videogram til arbeidskollegaer i strid med eineretten etter § 2 til tilgjengeleggjering for ålmenta. Det avgjerande for Høgsterett var at det utover kollegaforholdet ikkje var vennskaps- eller andre personlege band mellom låntakar og långjevar: ’En kopiering til bruk for arbeidskolleger må kunne skje med hjemmel i § 11 dersom disse også er personlige venner, og kanskje også i noe større utstrekning.’40 Utlån til kollegaer som långjevar ikkje hadde personlege band til, blei altså definert som tilgjengeleggjering for ålmenta.
Dette vil måtte innebera at tilgjengeleggjering av eit datamaskinprogram for eit føretaks tilsette alltid er omfatta av eineretten med mindre det er snakk om eit lite føretak med personlege og private band mellom leiinga og dei tilsette.
Einerettane etter åndsverklovas § 2 blir ofte omtalt som økonomiske rettar. Etter lovas § 3 har opphavsmannen også eit sett av rettar som ofte blir omtalt som dei ideelle rettane. 41 Desse rettane blir i kortform omtalt som namngjevingsretten og respektretten.
Opphavsmannen kan ikkje overføra desse rettane til andre, og berre i avgrensa grad fråskriva seg dei. Det er lite plass for desse rettane i samband med programvare.42
38 Rt-1953-633, på s. 636
39 l.c.
40 Rt-1991-1296, på s. 1299
41 Vyrje, Kommentar til åndsverklovens kapittel 1, note 3
42 Sjå Ot.prp.nr.84 (1991-1992) s. 21
Truleg er det slik at det berre er i dei tilfelle der programvara er utvikla av eit fåtal programmerarar som har sett sitt klare individuelle preg på programmet, at god skikk tilseier namngjeving av opphavsmennene.
Eit unntak frå dette er såkalla open programvare utvikla og distribuert med rettar etter GNU General Public License. Eit av dei viktige vilkåra i denne lisensavtalen er nettopp namngjeving av alle programmerarar som har deltatt i utviklinga.44 Vanleg praksis er å namngje alle programmerarar i kjeldekoden, og den praksisen er truleg så fast at den konstituerer det som i § 3 er nemnt som ’god skikk’. 45
3 Overføring av opphavsrett ved avtale. Tolkingspresumsjonar.
Avtale om heil eller delvis overføring av opphavsretten til eit åndsverk er det viktigaste grunnlaget for økonomisk utnytting av verket. Opphavsmannen inngår avtale med forlaget om vederlag for forlagets rett til å gi ut boka, med teateret om vederlag for teaterets rett til å setta opp stykket, og med brukaren av datamaskinprogrammet om vederlag for hans rett til å framstilla dei eksemplar som er nødvendige for bruk av programmet, eller for retten til å omarbeida og overdra programmet vidare.
Med unntak av dei avgrensingane som er gitt i åndsverklovens § 3 for dei ideelle rettane, kan opphavsmannen etter åndsverkslovens § 39 fritt overdra retten til å rå over verket til
43 Sjå høyringsutsegn frå Norges Juristforbund i Ot.prp.nr.33 (1989-1990) s. 11
44 GNU GPL artikkel 4
45 Sjå Kielland (2005) s. 83
andre. I utgangspunktet er det ingen formkrav til ein slik avtale, heller ikkje krav til at avtalen er skriftleg.46 Det er elles i lova gitt ein del presumsjons- eller tolkingsreglar om kva som skal gjelda med mindre anna er avtalt, men hovudregelen er at avtalefridomen rår. Der lova opererer med uttrykket ’med mindre annet er avtalt’, må ein også rekne med at ein stillteiande avtale etter omstenda vil kunne ha eit slikt ’annet’ innhald.47
Dei viktigaste presumsjonsreglane for programvare finn ein i §§ 39a og 39b. Desse reglane inneber at avtalar om overføring av rett til bruk, endring eller vidare overføring skal tolkast strengt til fordel for opphavsmannen. Regelen i § 39a blir gjerne kalla spesialitetsprinsippet.48 I tvist mellom Posten Norge BA og ein frimerkekunstnar om retten til prøvetrykk som var laga som ein del av graveringsarbeidet, uttaler Høgsterett om denne regelen: ’Bestemmelsen har vært forstått slik at erverver får de rettigheter som følger direkte av avtalen, mens opphavsmannen beholder de øvrige rettigheter og beføyelser’49 og vidare ’Dette betyr at uklare avtaler tolkes restriktivt i opphavsmannens favør’.50 Denne uttalen gjeld eit heilt anna område enn retten til programvare, men ordvalet er så ålment at det er liten tvil om at Høgsterett her gir uttrykk for eit generelt prinsipp. Det er ervervar av opphavsretten som har den sterkaste oppfordringa til å spesifisera så klårt og dekkande som råd dei rettar han erverver gjennom avtalen.
Uttrykket ’helt eller delvis’ som er brukt i § 39 må ein forstå slik at det kan avtalast full overføring av alle økonomiske opphavsrettar. Den som slik heilt har overdratt sine rettar til å rå over verket, har ingen slike rettar igjen på si hand. Han kan verken framstilla eksemplar, eller gjera det tilgjengeleg for ålmenta. I lys av dei etterfylgjande presumsjonsreglane trengst det nok eit svært klårt språk for å vere sikker på at alle økonomiske rettar faktisk er omfatta.51 Ein må også forstå uttrykket slik at den retten som
46 Wagle og Xxxxxxxx (1997) s. 230
47 Rognstad, Kommentar til åndsverklovens kapittel 3, note71
48 Wagle og Xxxxxxxx (1997) s. 233, Xxxxxxxxxxxx (2005) s. 98 og s. 421
49 Rt-2001-872 på s. 879
50 l.c.
51 Wagle og Xxxxxxxx (1997) s. 233, Xxxxxxxxxxxx (2005) s. 98
blir overført kan delast opp heilt fritt etter det som partane er samde om.52 Dette opnar for tallause variantar av oppdeling og spesifikasjonar av den overførte retten, og dette kan vera ei stor utfordring for den parten som har sterkast oppfordring til å uttrykke seg klårt.
Åndsverklova omhandlar retten til verket. Skiljet mellom verket og eksemplaret blir understreka ved at § 39 andre ledd i klare ordelag slår fast at overdraging av eksemplar ikkje inneber overdraging av opphavsrett, og at overdraging av opphavsrett ikkje inneber overdraging av eigedomsrett til eksemplaret.53 Det er likevel alltid slik at utøving av rettane er knytt til eit eksemplar, enten ved kopiering og reproduksjon, eller ved tilgjengeleggjering. Ein bruksrett er til liten hjelp for den som ikkje har tilgang verken til objektkode eller kjeldekode, og tilgang til koden er til liten hjelp for den som verken har rett til eksemplarframstilling eller tilgjengeleggjering. Avtalar om rettar til programvare er ofte uklare med omsyn til om dei også inneber ei overføring av eigedomsretten til eksemplar av programmet. Ein må gå ut frå at avtalar som berre gir bruksrett for ei avgrensa tid, eller der bruksretten kan seiast opp av begge parter, ikkje inneber overdraging av eigedomsrett til eksemplaret med mindre dette er uttrykkeleg avtalt. I avtalar utan tidsavgrensing der det blir betalt eit eingongsvederlag for bruksretten, vil eigedomsrett til eksemplaret derimot ofte inngå sjølv om dette ikkje er uttrykkeleg avtalt.54 For å unngå uklare rettsforhold rundt dette, bør avtalar om bruksrett både omtale den tinglege retten til eksemplaret og den opphavsrettslege retten til å rå over verket i ulike former.
52 Wagle og Xxxxxxxx (1997) s. 228
53 Som vist i avsnitt 4.2, er det visse unntak frå dette når det gjeld datamaskinprogram
54 Sjå om dette Rognstad (1999) s. 253 og Ot.prp. nr. 84 (1991-1992) s. 20
4 Bruksrett
4.1 Generelt om rett til bruk av programvare
Datamaskinprogrammet skil seg frå andre typar åndsverk ved at normal bruk i seg sjølv inneber eksemplarframstilling. Slik bruk er derfor som vist i avsnitt 2.3, så godt som alltid omfatta av opphavsmannens einerettar. All bruk utover den minste bruksrett som fylgjer med ved erverv av eksemplaret (ref avsnitt 4.2), må derfor avtalast særskilt med opphavsmannen.
Programvarebransjen er sterkt influert av engelsk/amerikansk terminologi. Eit døme på det, er at retten til å installera og bruka eit datamaskinprogram på ein datamaskin, gjerne blir kalla ein lisens. I Microsofts standard brukarrettsdokument heiter det til dømes at ’du må anskaffe en lisens for hver enhet som du bruker programvaren på’.55 Ein slik lisens er forstått som ein ikkje eksklusiv rett til å bruka programvaren. I norsk teori er det ulike oppfatningar av dette omgrepet. Kielland har valt å bruka lisensomgrepet slik det er vanleg i programvarebransjen,56 medan Wagle og Ødegaard har valt ordet disposisjonsrett fordi dei meiner at lisens i norsk juridisk terminologi oftast inneber overføring av eksklusive rettar.57 I olje- og gassindustrien kan det ordet lisens lett føra til misforståingar på grunn av at den viktigaste assosiasjonen til dette ordet i denne industrien er eit løyve til å leita etter olje eller gass. I denne framstillinga har eg derfor valt å bruka ordet bruksrett om den ikkje eksklusive rett til å installera og bruka eit datamaskinprogram på ein eller fleire maskinar. Slik bruksrett inneber etter reglane i åndsverklovens § 39b verken rett til endring eller vidare overdraging utan at dette er uttrykkeleg avtalt.
4.2 Bruksrettens minste innhald
Etter åndsverklovens § 39h har ’den som har rett til å bruke’ eit datamaskinprogram ein minste bruksrett, og paragrafen definerer også eit normalinnhald i bruksretten til eit datamaskinprogram der bruksretten ikkje er nærare spesifisert i avtale.
55 Microsoft PUR, s. 5
56 Kielland (2005) s. 38
57 Xxxxx og Xxxxxxxx (1997) s. 230
I den versjon av paragrafen som gjaldt fram til april 1999, er det i fyrste ledd av paragrafen brukt orda ’rettmessig erverver av et datamaskinprogram’ for å definera rettssubjektet, og i andre ledd ’[d]en som har rett til å bruke et datamaskinprogram’. Ved revisjonen i 1999 blei dette samordna slik at det nå er brukt ’ [d]en som har rett til å bruke’ i begge ledd.
Forarbeida sin omtale av denne endringa er ikkje heilt klår, men det ser ut som om meininga ikkje har vore å innskrenka kretsen av dei som blir omfatta av regelen. Om endringa blir det sagt: ’Gjeldende « rettmessig erverver » omfatter såvel den som er blitt eier av et datamaskinprogram ved kjøp som den som på annen måte ved avtale har fått seg overdratt en disposisjonsrett til programvaren. Ved endringsforslaget vil enhver som har rett til å bruke programvaren være omfattet’.58 Dette må innebera at ’rettmessig erverver’ av eit datamaskinprogram er blant dei som har ’rett til å bruke’ programmet slik som fastsett i denne paragrafen, sjølv om det ikkje er avtalt annan form for rettsovergang enn den som er knytt til erverv av eksemplaret. Det må også gjelda ved vidareoverdraging av eksemplar som er overdratt med opphavsmannens samtykke. 59
Også utan reglane i § 39h ville ein måtte rekne inn ein viss minste bruksrett i mange avtalar om sal av eit eksemplar av eit datamaskinprogram i objektkode, sjølv om det i avtalen ikkje uttrykkeleg var avtalt overgang av opphavsrettslege rettar. Eit slikt datamaskinprogram har ingen annan fornuftig bruk enn installering og bruk på ein datamaskin, og slik bruk inneber som vist ovanfor eksemplarframstilling. Etter ein hovudregel i norsk avtalerett skal innhaldet i ein avtale tolkast i samsvar med det ein må gå ut frå er sams partsforståing.60 Det er vanskeleg å sjå for seg at ein avtale om sal av eit eksemplar av eit datamaskinprogram i objektkode ikkje inneber ein føresetnad om bruk.
Den som har rett til å bruka programmet, har etter § 39h fyrste ledd rett til slik eksemplarframstilling, endring og omarbeiding som er nødvendig for å bruka programmet i samsvar med programmets formål. Etter andre ledd har han rett til å ta sikringskopiar, og etter tredje ledd kan han bruka programmet slik at han kan undersøke og fastslå kva idear
58 Ot.prp. nr. 85 (1997-1998) punkt 9, s. 40
59 Rognstad (1999) s. 259
60 Hov (2002) s. 148
og prinsipp som ligg til grunn for programmet. Andre og tredje ledd er preseptoriske, det vil seie at dei definerer eit minste innhald i bruksretten til programvare som ein ikkje kan avtala seg vekk frå.
Lovteksten er knapp, og gir lita rettleiing for omfanget av bruksretten. Det vil sjeldan vera eintydig kva som er nødvendig, og kva som er programmets formål. Ei heilt konkret og absolutt forståing av ordet ’nødvendig’, vil kunne innsnevra bruksretten slik at den praktisk talt ikkje gir nokon verdi. Imidlertid må ein i lys av spesialitetsprinsippet i § 39a, og regelen i § 39 andre ledd, om at opphavsretten ikkje fylgjer med ved eksemplaroverføring, gå ut frå at retten er svært snever. Den bruksretten som er definert i §39h strekkjer seg truleg ikkje lenger enn til bruk på ein datamaskin, og gir ikkje rom for tilgjengeleggjering i noko form for nettverk med fleire maskinar tilknytt.61 Dette vil imidlertid vera avhengig av ei konkret vurdering av kva som oppfyller ’programmets formål’. Til dømes vil det kunne vera nødvendig å installera programmet på meir enn ein maskin dersom programmet er laga for å utveksla og tolka meldingar mellom ulike system, eller i eit nettverk der formålet er kontroll av kommunikasjon i nettverket.
Også omfanget av retten til å ta nødvendige sikringskopiar, er uklar ut frå ordlyden i paragrafen. I forarbeida blir det sagt at ’avgjørende vil være om den enkelte sikkerhetskopiering er nødvendig når handlingen foretas, f.eks. for å sikre programmet mot tilfeldig undergang og derved sikre den fremtidige, rettmessige, tilgang til det’.62 Igjen vil det strengt ’nødvendige’ vera ei tvangstrøye som er svært upraktisk. Vanlege rutinar for sikringskopiering er lagt opp til å gi ein viss redundans, og altså til at ein tar kopi oftare enn det som etter ei vurdering knytt til det einskilde objekt er strengt nødvendig. Imidlertid ser det i teorien ut til å vere semje om at det nødvendige ikkje skal tolkast strengt, og at § 39h andre ledd gir rett til å ta sikringskopiar i samsvar med det som i bransjen er rekna for god praksis.63
61 Rognstad, Kommentar til åndsverklovens kapittel 3, note 78
62 Ot.prp. nr. 84 (1991-1992) s. 23
63 Sjå om dette Wagle (1997) s. 265-266 samt Rognstad, Kommentar til åndsverklovens kapittel 3, note 79
Det svært snevre innhaldet i bruksretten som blir overført med eksemplaret, kan illustrerast med Oslo byrett si avgjerd av 24. september 1992 i sak mellom Alcatel STK og ein sjølvstendig oppdragstakar som hadde utvikla og overlevert eit datamaskinprogram for lagerstyring. Retten uttaler at ’ Det er ikke bevist at det er noen avtale om at programmet var avtalt å brukes for andre anlegg i Alcatel STK og retten finner derfor at Alcatel STK bare kan bruke ett eksemplar av programmet.’64 Det er vel ikkje heilt klårt kva retten meiner med ’ett eksemplar’, men i alle fall gir det uttrykk for ein svært snever bruksrett som neppe er i tråd med det som ervervar hadde tenkt seg.
4.3 Bruksrettsmodellar og vederlagsformer
I programvarebransjen er det utvikla ein del modellar for avtalar om bruksrett som blir oppfatta å ha eit standardisert innhald. I nokre delar av bransjen er den vanlegaste modellen brukarsentrert, i andre delar av bransjen utstyrssentrert, og i andre igjen anleggs- eller fabrikksentrert. Trass i at bransjen i stor grad oppfattar desse modellane til å ha eit standardisert innhald, er det alltid slik at det konkrete innhaldet i desse modellane berre kan finnast i den konkrete avtalen. Praksis og innhald er så varierande, at ein neppe kan finna modellar som gjennom kontraktpraksis har fått eit sedvanerettsleg innhald.
Dei vanlegaste brukarsentrerte bruksrettsmodellane er modellar der vederlag og grenser for bruken er rekna ut frå det tal brukarar som til ei kvar tid har tilgang til programvara, og modellar der eit maksimalt tal brukarar kan bruka programvara samstundes. Talet brukarar kan enten vera absolutt, eller relativt i høve til ein faktor som tal tilsette i føretaket eller ein del av føretaket, eller i høve til føretaket sin omsetnad eller produksjon.
Modellen med eit maksimalt tal brukarar er vanlegast for programvare for forretningsstøtte. Innanfor dette området er det ofte slik at den programvare ein brukar har tilgang til, er i jamn bruk gjennom året, og tal brukarar med tilgang er eit adekvat uttrykk for omfanget og verdien av bruken i føretaket.
I olje- og gassindustrien er modellen for samstundes bruk mest utbreidd i samband med programvare som støttar opp under aktivitetar i samband med undersøking og leiting. Mye
64 Sitert frå Lov&Data nr. 34 - mars 1993, publisert på Lovdata online
av programvara innanfor dette området er spesiell for spesielle arbeidsoperasjonar, og for den einskilde brukar vil bruken variera svært mye over tid. Derfor er det den faktiske bruken til ei kvar tid som gir det beste uttrykket for omfanget og verdien av bruken.
Microsoft opererer med ni ulike bruksrettsmodellar for sluttbrukarorganisasjonar, og to modellar for føretak som utfører kommersiell drift av datasystem for andre.65Dei fleste av desse er utstyrssentrert på det viset at bruksretten er knytt til ein datamaskin. Til dømes blir bruksrett til eit av dei mest utbreidde datamaskinprogramma i verda, Microsoft Office, gitt som rett til å bruka programmet på ein maskin. I standarddokumentet som definerer bruksretten heiter det: ’Du må anskaffe en lisens for hver enhet som du bruker programvara på eller fra (lokalt eller eksternt over et nettverk)’66
Også Adobe har i utganspunktet ein utstyrssentrert bruksrettsmodell. I Programvarelisensavtalen heiter det: ’Du kan installere og bruke ett eksemplar av programvaren på opptil ”Tillatt antall” av dine kompatible datamaskiner’.67 I dei siste åra har dei likevel vist vilje til å erstatte ’kompatible datamaskiner’ med ’autoriserte brukere’.
Dersom utstyrssentrerte bruksrettsmodellar er for sterkt knytt til spesifikke maskinar, eller til spesielle slag maskinar, kan slike modellar lett bli svært hemmande for effektiv drift av eit datasenter. Ein særleg variant av utstyrsspesifikk bruksrett, er den som er knytt til ein fysisk bruksnøkkel (populært kalla dongle) som må monterast på den maskinen som programvara skal brukast på. Slike løysingar er eit svært effektivt vern mot uautorisert bruk, men kan vera ganske hemmande på effektiviteten i utstyrslogistikken i ein stor organisasjon.
Anleggsentrerte bruksrettsmodellar er vanleg for programvare som støttar opp under produksjonsprosessar. Bruken er her ofte knytt til ein fabrikk eller eit fysisk anlegg. Det vil typisk vera slik at ein reknar vederlag og grenser for bruk av slik programvare etter kva produksjonsanlegg programvara er i bruk på, og heilt uavhengig av tal brukarar eller kva for datamaskinar den er installert på. Vederlaget kan med slike modellar fastsetjast etter
65 I Microsoft sin terminologi er dette ’lisensieringsmodeller’, sjå Microsoft PUR s. 6 og Microsoft SPUR s. 4
66 Microsoft PUR s. 6
67 ADOBE Programvarelisensavtale punkt 2.1
ulike parametrar, men vanlegast er det kanskje at produsert volum eller kompleksitet i anlegget ligg til grunn for berekninga.
Både for leverandør og kunde er det viktig å finna fram til ein bruksrettsmodell som høver til den påtenkte faktiske bruken av programvara. Modellen bør for det fyrste gjera det praktisk enkelt å avgjera spørsmålet om den faktiske bruken er innanfor det avtalte. For det andre bør ein på nokolunde eintydig vis kunne måle dei parametrar som det er avtalt at vederlaget for bruksretten skal fastsetjast etter. Dersom bruken er slik at ein vanskeleg kan måla tal brukarar, er det lite praktisk å ha ein bruksrettsmodell der omfang og vederlag er avtalt berekna ut frå denne parameteren. For det tredje bør modellen gi eit godt grunnlag for å komma fram til semje om eit vederlag for bruken som brukarsida ikkje oppfattar som større enn verdien av bruken, og leverandøren ikkje oppfattar som mindre enn kostnaden ved å frambringa og støtta programvara. Skal ein oppnå det, bør avgjerande parametrar for fastsetting av vederlaget best mogleg samvariera med kunden si oppfatning av verdien av bruken. Ein vanleg modell for programvare for forretningsstøtte, er at ein betaler vederlag ut frå tal tilsette eller tal personlege datamaskinar i føretaket. Ein slik modell inneber ofte at så lenge ein har programvara i bruk, må ein betale nytt vederlag for kvar ny tilsette eller nye personlege datamaskin i føretaket. Dersom programvara er i aktiv bruk i heile føretaket, vil tal tilsette kunne opplevast som eit adekvat parameter for verdisetting av bruken. Dersom derimot bruken av programvara går inn i ein lite aktiv fase, og føretaket samstundes er i sterk vekst, vil denne modellen lett føre til at det blir stort sprik mellom kostnaden ved bruken og den oppfatta verdien.
Bruksrettsmodellar fungerer ofte som eit konservativt element i ein teknologi i rask utvikling, men kan også vera med på å framskynda teknologiskifte. Overgangen frå stormaskin til personlege datamaskinar blei truleg framskynda av ein bruksrettsmodell på stormaskin som gjorde det svært dyrt å installera programvare brukt av få brukarar. Som oftast var målemetoden som låg til grunn for betaling av bruksrett på stormaskin fokusert på maskinen sin handteringskapasitet, ikkje på omfanget av bruken. Det gjorde at programvare med få brukarar eller eit usikkert bruksomfang blei svært dyr å installera og ta i bruk. Eit døme på det er bruken av rekneark som vaks fram med bruken av personlege datamaskinar, og i dag er så utbreidd at nesten alle brukarar av datamaskinar ser slike
program som ein del av basisutrustinga. Slike program fanst også for stormaskin, men var lite utbreidd. Det var berre nokre får brukarar i finans- og rekneskapsavdelinga som etterspurte dei, og vederlagsmodellen førte til at det var få føretak som ynskte å betala for bruk av slike program på stormaskin der kostnaden per brukar kunne bli svært stor.
Resultatet var at finansavdelingane på eiga hand kjøpte inn personlege datamaskinar, ofte mot IT-avdelingas uttrykkelege råd.
Med den personlege datamaskinen blei det vanleg å ta betalt for kvar maskin programvara var installert på. Det innebar som regel at ein kunne ta i bruk programvare for få brukarar for langt lågare kostnad enn det som det ville føra med seg å installera tilsvarande programvare på ein stormaskin. Dette er ein modell som ennå er dominerande. Modellen favoriserer ei organisering der kvar brukar har sin faste maskin, og høver dårleg inn i ein brukarorientert organisasjon med mobile brukarar som ikkje er knytt til ein fast maskin, men er definert i eit nettverk og nyttar ulike datamaskinar alt etter kva kontorplass dei til ei kvar tid nyttar. Med ei slik organisering vil programvare brukt av dei mest mobile brukarane lett bli installert på langt fleire maskinar enn talet brukarar tilseier, og slik utløysa ein høgare kostnad for brukarorganisasjonen enn om kostnaden var berekna for kvar brukar.
Grensene for omfanget av den bruksretten eit føretak har erverva finn ein vanlegvis i avtalen. Denne reguleringa er sjeldan fulldekkande, og viktige grenser er ofte ikkje uttrykkeleg omtalt. For å slå fast kva for grenser som gjeld, må ein samanhalda avtalen med åndsverklovas reglar for kva som gjeld med mindre anna er avtalt. For fastsetting av kva omfang bruksretten har, finn ein dei viktigaste av desse reglane i §§ 39a, 39b og 19. Dei slår fast at for det fyrste får ervervar etter § 39a ikkje andre rettar enn dei han uttrykkeleg har erverva. For det andre kan opphavsrett, og dermed bruksrett, etter § 39b andre ledd ikkje overførast vidare utan etter særskilt samtykke. For det tredje omfattar konsumpsjonsregelen i § 19 ikkje rett til utlån. Den avtalte bruksretten til programvare skal tolkast i favør av opphavsmannen, og må avgrensast mot det som konstituerer utlån eller overføring til andre rettssubjekt som ikkje er uttrykkeleg heimla i avtalen.
Bruk av eit datamaskinprogram av eit føretaks tilsette, vil oftast falla inn under bruksretten så lenge bruken ikkje går utover avtalte grenser som tal brukarar eller liknande, og bruken skjer i samband med utføring av arbeidsoppgåver for føretaket. Dersom bruken ikkje skjer i samband med utføring av arbeidsoppgåver for føretaket, men derimot for private formål, eller for andre rettssubjekts formål, vil bruken ha karakter av utlån, og dermed falla utanfor avtalt bruk dersom rett til slik bruk ikkje er uttrykkeleg avtalt. Andre rettssubjekt vil i denne samanheng også omfatta morselskap, dotterselskap og andre rettssubjekt med tilknyting til det føretaket som er definert som part i avtalen.
For å sikra at avtalen har ein viss fleksibilitet i forhold til selskapsstrukturar, er det ein vanleg konstruksjon i avtalar om bruksrett, å inkludera avtalepartane sine tilknytte selskap blant dei som får bruksrett etter avtalen. Tilknytte selskap er då ofte definert som selskap eller andre rettssubjekt der avtaleparten har formell kontroll. Programvara vil altså med ein slik konstruksjon kunne brukast av og for alle selskap i ei selskapsgruppe. Organisasjonar og selskap som avtaleparten har eit forretningsmessig samarbeid med, som til dømes ein franchisetakar eller ein deltakar i eit partnarskap, vil ofte falla utanfor slike definisjonar og dermed ikkje ha bruksrett utan at dette er uttrykkeleg avtalt.
Midlertidig tilsette og personell som er leigd inn til føretaket må ein gå ut frå kan bruka programmet på same vilkår som fast tilsette. Meir tvilsamt er det om sjølvstendige oppdragstakarar kan bruka programmet. Dersom oppdragstakaren i hovudsak skal utføra oppdraget i føretakets kontorlokale eller anlegg og gjennom oppdraget nytta oppdragsgjevars metodikk og verktøy, er han så nær rolla som tilsett at også han truleg kan bruka programmet. Er oppdragstakaren derimot ein leverandør som leverer eit ferdig resultat ved hjelp av eigen metodikk og eigne verktøy vil han normalt falla utanfor, og bruk må oppfattast som utlån eller vidare overføring av opphavsrett som det trengst særskilt samtykke til.
Andre brukarar, som kundar eller partnarar, vil kunne bruka programmet dersom bruken er ein del av gjennomføring av forretningstransaksjon mellom føretaket og brukaren, og elles fell innanfor dei uttrykkeleg avtalte grensene for tal brukarar, maskinar og liknande. Det kan til dømes vera bruk som gjer det mogleg å tinga leveransar frå føretaket direkte i
føretakets eigne system, eller det kan vera rapportering av forhold som vedgår leveransar til føretaket. Derimot vil bruk for kundens eller partnarens eigne formål oftast falla utanfor den avtalte bruksretten med mindre dette er særskilt avtalt. Til dømes vil kundens bruk for å framstilla rapportar for intern bruk av kjøp frå føretaket, lett få karakter av utlån eller overføring av bruksrett, og slik trengja særskilt samtykke frå opphavsmannen.
I StatoilHydros standardvilkår for bruksrett er formålet gitt som ’Company’s business’.68 Dette er ein relativt vid definisjon av formålet som vel i utgangspunktet gir dei same avgrensingar som skissert ovanfor, men etter avtalens definisjon av dette omgrepet er kundars bruk for tinging av varer og tenester, samt tilsettes private bruk eksplisitt inkludert.69
Dei grensene for bruk som slik ikkje er uttrykkeleg avtalt, kan innebera særskilte utfordringar for føretak som utfører kommersiell drift av datasystem for andre, og kundane til slike tenester. Dersom bruksretten til programvare som inngår i slike system ligg på tenesteleverandøren si hand, må han ha uttrykkeleg avtale om at bruksretten kan utnyttast for kunden sine formål. Dei fleste leverandørar av programvare har i sine standardvilkår uttrykkeleg forbod mot slik bruk utan særskilt avtale. Microsoft har eit eige sett av vilkår for slik tenesteyting,70 og i standardvilkåra for andre brukarar heiter det: ’Du har ikke rett til å være vert for (hoste) produktene for kommersielle vertstjenester’.71 Adobe har formulert det slik: ’Du skal ikke bruke eller tilby programvaren på tjenestebyråbasis’72, og i IKT Norges kjøpsavtale heiter det: ’Kunden kan kun benytte programmene til databehandling for egne formål. Databehandling for andre mot vederlag kan foretas etter skriftlig avtale med leverandøren’.73 Også utan slike uttrykkelege forbod vil bruk av programvare som del av kommersiell drift av datasystem for andre krevja særskilt samtykke.
68 IT10 Conditions software license, maintenance and support, artikkel 1.1
69 IT90 General Conditions of Contract, artikkel 1.5
70 SPUR
71 Microsoft PUR s. 18, Universelle lisensvilkår punkt F
72 ADOBE Programvarelisensavtale punkt 4.6
73 IKT-K punkt 11.2, tredje ledd.
Også om bruksretten ligg på kunden si hand, kan det vera ein vanskeleg grenseoppgang å avgjera om bruksretten gir rett til bruk av programvare som ligg på tenesteytars maskinar. Dersom tenesteytar utelukkande driv datamaskinane og stiller operativt kjøremiljø til rådvelde for kunden, er leverandøren si verksemd avgrensa til kjøremiljøet, og kunden vil med utgangspunkt i sin bruksrett kunne installera og bruka programvare han har bruksrett til i dette kjøremiljøet. Driv derimot tenesteytar heile datasystemet og kunden berre er brukar av programvara som ein del av den tenesta han kjøper, vil det nok vera slik at programvara er ein del av tenesteytars verksemd. Dermed må kunden ha utrykkeleg samtykke til slik bruk frå den som har opphavsretten.
Drift av utvinningslisensar på norsk sokkel er organisert som partnarskap der ein av partnarane er operatør og leverer drifta av feltet til partnarskapet. Operatøren har ofte ein mindretalsposisjon i partnarskapet, og kan slik ikkje kontrollere fullt ut den verksemda som blir driven. Likevel vil bruk av programvare for å støtte opp under operatørverksemda vanlegvis ikkje bli ramma av slike avgrensingar mot kommersielle vertstenester som omtalt ovanfor. Det er drifta av feltet som blir levert, og bruk av programvara inngår i operatøren si verksemd på same vis som andre tenesteleverandørar bruker programvare i sin produksjon.
I andre område av verda er dette annleis. I fleire land blir drifta av felt organisert i eigne selskap som står for drifta, og eigarselskapa leverer ulike støttetenester til dette selskapet.74 Med ei slik organisering vil leveranse av IT tenester frå ein partnar i mindretalsposisjon lett få karakter av slik datasenterdrift for andre som krev særskilt samtykke frå leverandøren av programvara.
For dei fleste leverandørar er det viktig å ha vilkår som i størst mogleg grad fører til at bruk av programvare på tvers av føretak fører til at begge partar må erverva bruksrett. I Microsoft sine standardvilkår blir det slått fast at rett til bruk av programvare der brukaren går via eigen maskin for bruk av programvare som ligg på ein såkalla tenarmaskin eller server, berre gir rett til bruk av programvare på ’servere som er lisensiert av samme
74 Det russiske feltet Shtokmann er eit felt som er organisert slik. Også i Algerie og mange andre land er dette den dominerande driftsforma.
rettssubjekt’.75 Dette set ei relativt effektiv sperre for bruk av programvare på tvers av føretak.
4.5 Amerikanske eksportrestriksjonar, bruk av programvare i Iran
For mange selskap i olje- og gassindustrien set amerikanske rettsreglar om eksport til ein del land viktige grenser for bruk av programvare. Reglane vil gjelda for svært mange norske føretak, både fordi dei har verksemd i USA og fordi dei fleste amerikanske leverandørar har klausular i sine standard avtalar som pålegg den som får rett i samsvar med avtalen å opptre i samsvar med desse reglane. Reglane omfattar eksport til mange land, men for norsk olje- og gassindustri er det nok reglane om eksport til Iran som er viktigast.
Reglane om dette er i hovudsak gitt i Code of Federal Regulations Title 31 Part 560 (Iranian Transactions Regulations). Hovudregelen er at dersom det ikkje er gitt spesielt løyve, er det forbod mot all eksport og leveranse til Iran av varer, teknologi og tenester der meir enn 10% av verdien stammar frå element som har opphav i USA.76 På grunn av at amerikansk teknologi og føretak er leiande i utvikling av programvare, vil dette omfatta svært mye av den programvara som er i vanleg bruk over heile verda. Det vil også omfatta mye av den programvara som er utvikla i Europa eller andre deler av verda, fordi element med opphav i USA er inkorporert i den. Nesten eit kvart standard oppsett av miljø for bruk av datamaskinprogram har vesentlege element av programvare med opphav i USA.
Slik er det faktisk også i Iran. Iran har ingen effektiv opphavsrettslovgjeving og har ikkje slutta seg til nokon av dei internasjonale konvensjonane om opphavsrett.77 Derfor er programvare frå heile verda, også frå USA, både tilgjengeleg og billeg i Iran. I fylgje ein iransk tenestemann som blei intervjua av den australske avisa The Age i 2004, var
75 Microsoft PUR s. 7
76 ITR §§ 560.204 og 560.205
77 Opplysningane om Irans tilslutning til internasjonale konvensjonar om opphavsrett er henta frå Wikipedias artikkel ’List of parties to international copyright agreements’, oppdatert 20.09.2008, sitert 05.04.2009.
mesteparten av både statens og privates datamaskinar den gangen basert på operativsystemet Windows frå Microsoft.78
Eksport og leveranse vil i utgangpunktet omfatta all fysisk overføring til Iran, både varer som skal bli verande i Iran, og varer som på eit eller anna vis er innom iransk territorium.79 Dette inneber for det fyrste at programvare installert på ein datamaskin som blir brakt inn på iransk territorium fell inn under forbodet. Det gjeld også programvare installert på ein berbar datamaskin som er del av bagasjen til ein som reiser gjennom Iran, sjølv om maskinen ikkje blir starta opp eller brukt medan den er på iransk territorium. For det andre inneber det at nedlasting av eit midlertidig eksemplar av eit datamaskinprogram til ein datamaskin i Iran er omfatta av forbodet.
Derimot er tilgjengeleggjering av informasjon ikkje omfatta av forbodet.80 Det inneber at forbodet ikkje omfattar bruk av amerikansk programvare i system som det blir gjort oppslag mot frå Iran, og at amerikansk programvare kan brukast frå Iran ved hjelp av datamaskinar dersom programvaren ikkje blir lasta ned på den Iran-baserte maskinen.
Unntaket gjeld ikkje dersom den informasjonen som blir overført til Iran blir generert på grunn av oppslaget frå denne maskinen, og dette set ein del grenser for slik bruk som er praktisk viktig.
Ein særleg vanske ved reglane er at ingen som i dei amerikanske eksportkontrollreglane er definert som ’US persons’ kan delta i aktivitetar som inneber nokon form for eksport til Iran. Dette gjeld også varer og tenester som ikkje har nokon form for opphav i USA, og vil utelukka at slike personar deltar i etablering og drift av løysingar som elles er tilletne etter reglane. ’US persons’ omfattar forutan alle med amerikansk borgarskap, også alle med varig rett til å opphalda seg der.81 Slike personar er det nokså mange av i olje- og gassindustrien.
78 The Age, Melbourne:’ Security fears spark Linux drive in Iran’, publisert 21.09.2004
79 ITR § 560.403
80 ibid § 560.210(c)
81 ibid § 560.204, jf § 560.314
Som gjort greie for i innleiinga, har programvare ofte ein bruksperiode på fleire tiår. Ved oppretting av avtalar om bruksrettar til programvare vil vurderingane av kostnad opp mot nytte likevel ha ein langt kortare tidshorisont, typisk på tre til fem år. Denne relativt korte vurderingshorisonten er grunna i to forhold. For det fyrste er både inntekter og kostnader utover ein slik horisont svært usikre. For det andre vil ålmenne reglar for neddiskontering medføra at kostnader og inntekter som blir tidfest til etter denne perioden få ein nåverdi som ikkje er signifikant i vurderinga.
Ved fastsetting av avtaleperioden og utforming av ordlyden om bruksrett i avtalen, er det derimot viktig å ha bruksperioden som referanseramme, og ikkje tidshorisonten for vurdering av kostnader og nytteverdi. Dette gjeld særleg ved avtalar som også gir rett til framtidige versjonar. Gjennom programvara sin livssyklus vil bruksmønsteret endra seg, og små nyansar i utforminga av avtalen kan vera svært avgjerande for kostnadsnivået gjennom bruksperioden. Til dømes vil det ofte vera slik at ein i siste del av livssyklusen kan ha ein lang periode med lite intensiv bruk, medan det avtalte kompensasjonsformatet og avgrensinga av råderetten er tilpassa den aktive bruk av programvara som berre var aktuell i ein mindre del av avtaleperioden. Slike nyansar kan også opne eller stenge for framtidige bruksendringar som ved avtaletidspunktet er vanskelege å sjå.
Føretak med stort fokus på likviditet ynskjer ofte å leige bruksrett til programvare for ein avgrensa periode. Det kan gi mindre oppstartskostnad, og den årlege kostnaden varierer med bruken. Paradoksalt nok kan ein slik modell gi mindre fleksibilitet enn ein avtale om bruksrett utan tidsavgrensing. For det første vil slik leige vanlegvis inkludera vanleg vedlikehald og bruksrett til alle nye versjonar av programvara som blir utgitt i avtaleperioden, og er prisa deretter. Dette kan føra til at etterbruk av programvara i ein fase der det ikkje trengst feilrettingar og oppdateringar blir dyrare enn nødvendig, fordi ein betaler for ei teneste ein ikkje treng. For det andre vil kunden vera eksponert for ein situasjon der leverandøren av ein eller annan grunn ynskjer å stoppa bruken av programvara. Dersom bruksretten er varig og utan tidsavgrensing, vil det vera heilt opp til den parten som har erverva bruksretten å vurdera om vidare bruk er tenleg. Eit moment i
den vurderinga vil vera leverandøren si støtte, men det er mange situasjonar der vidare bruk er fornuftig også utan støtte frå leverandøren.
Derfor er det vanlegaste utgangspunktet i avtalar om bruksrett at bruksretten er varig og utan tidsavgrensing. I StatoilHydros standard blir det om dette sagt: ’Contractor will grant Company a perpetual, irrevocable, non-exclusive and worldwide license to use the Software’.82
Dette er også utgangspunktet i dei fleste store leverandørar sine standardvilkår. Bruksrett blir ’kjøpt’ i den forstand at ein betaler for bruksretten ved erverv, og får med det rett til varig bruk .
4.7 Vedlikehald og bruksrett til framtidige versjonar
Knytt til bruksrettsavtalar for programvare blir det ofte inngått avtalar om det som i programvarebransjen blir kalla vedlikehald. I slike avtalar forpliktar leverandøren seg mot ei periodisk avgift til å retta feil i programvara, og halda den oppdatert slik at den kan brukast i det systemmiljøet den er tenkt brukt i også når dette blir endra og utvikla vidare. Endringar skjer ikkje i kundens eksemplar, men ved at leverandøren gir ut feilrettingsmodular, i bransjen ofte kalla patch eller fix, og nye versjonar av programvara. Ein del større leverandørar av standard programvare, som Microsoft og Adobe, inkluderer rett til slike oppdateringar i sine standard bruksrettsavtalar, slik at om ein kjøper eit eksemplar, vil ein utan ytterligare avtale eller avgift ha rett til å laste ned og ta i bruk feilrettingar, sikringsoppdateringar og funksjonelle endringar som leverandøren definerer som del av den versjonen ein har kjøpt.83 Slike endringar vil oftast ikkje fylle åndsverkslovens krav til verkshøgd, og det vil sjeldan vera tvil om at nye versjonar basert på slike feilrettingar og justeringar opphavsrettsleg er det same verket som kunden har bruksrett til. Spørsmålet her blir ikkje bruksretten i seg sjølv, men kva plikter leverandøren etter avtalen har til å utføra og gjera tilgjengeleg slike endringar for kunden.
82 IT10 Conditions software license, maintenance and support, artikkel 1.1
83 Microsoft PUR Universelle Lisensvilkår punkt E, og ADOBE programvarelisensavtale punkt 5
I motsetting til feilrettingar og tekniske justeringar, vil funksjonell vidareutvikling av programvara som regel føra til versjonar av programvara der endringane i seg sjølv fyller kravet til verkshøgd, og slik sett konstituerer versjonen som eit nytt verk. Dersom vedlikehaldsavtalen inkluderer slikt arbeid og gir kunden same rett til nye versjonar som til den originale versjonen, vil det lett oppstå spørsmål om det nyutvikla er ein versjon som er omfatta av avtalen eller om det er heilt ny programvare som ikkje er omfatta. Dersom leverandøren gjennom vidareutvikling har lagt til nye funksjonar og gjort store endringar i programvara, vil han kunne ha interesse av å definera ein ny versjon som heilt ny programvare og marknadsføre denne ved sida av versjonar av den gamle. Etter ei tid vil han så slutta å marknadsføre, vedlikehalda og oppdatera den gamle programvara.
Slik tvist om endring og vidareutvikling har ført til ein ny versjon av programvare som er omfatta av avtale, eller om det nyutvikla fell utanfor avtalen, oppstår ofte i samband med avtalar om bruksrett og vedlikehald. For å løysa ei slik tvist må ein for det fyrste sjå på korleis programvara er spesifisert i avtalen. Dersom definisjonen av denne inneheld versjonsliknande nemningar, trekkjer det i retning av at avtalen ikkje omfattar versjonar med ny funksjonalitet. Kundar med rett til oppdateringar til Microsoft Office 2003 vil ikkje ha rett til Microsoft Office 2007. Dersom programvara derimot er definert funksjonelt, som leverandørens løysing av spesifikke funksjonar, vil det vera lettare å argumentera for kundens rett til nye versjonar av desse løysingane trass i at leverandøren set nye namn på programvara.
Eit norsk programvareselskap med stor internasjonal suksess har nyleg lagt inn ny funksjonalitet i og gjort om namnet på eitt av sine viktigaste produkt. Det blei tidlegare marknadsført under nemninga Fast Data Search (FDS), men i nokre samanhengar blei det også referert til som Fast Data Search ESP. Det nye produktet blir nå marknadsført som Fast Enterprise Search Platform, og kundar som hadde avtale om vedlikehald av FDS får valet mellom å fortsetta bruk av ein ustøtta versjon av denne programvara, eller å betala for oppgradering til Fast ESP. Ein må gå ut frå at ein del av desse kundane er av den meining at dei hadde kjøpt bruksrett til Fast sin søkemotor for større føretak, og ikkje berre til den spesifikke versjonen som var kalla Fast Data Search.
For det andre må ein stilla spørsmålet om korleis avtalen definerer innhaldet i vedlikehaldstenesta. StatoilHydros standardavtale for ’Software license, maintenance and support’ går langt i å inkludera nyutvikling: ’Contractor shall work actively to correct and improve the mode of operation, as well as to modify and implement new Software functionalities. These activities shall result in new software versions. Updates, improvements etc. which are included in the Software are considered part of the Software.’84 Slike formuleringar trekkjer i retning av at også heilt nyutvikla funksjonalitet er ein del av den programvara som er omfatta av avtalen så lenge ein kan sjå den som ei vidareutvikling av den eksisterande funksjonaliteten.
Statens vedlikehaldsavtale har fokus på feilretting. I definisjonskapitlet heiter det at ’[m]ed vedlikehold menes endringer i et system for å rette feil eller forbedre ytelsene. Dette kan gjøres i form av utsendelse av nye versjoner.’85 På den andre sida heiter det seinare at ’[n]ye versjoner av programmer som er spesifisert i bilag 3, er inkludert i avtalen’.86 Det vil innebera at det som er definert som nye versjonar, også dei versjonar som inneheld ny funksjonalitet, vil vera omfatta av avtalen. Ettersom avtalen er taus på definisjonen av ny versjon, ligg vel definisjonsmakta her hos leverandøren.
For det tredje kan det avtalte vederlaget vera ein indikasjon på om vedlikehaldstenesta inkluderer vidareutvikling. Dette vil variera sterkt med ulike typar programvare, men ein årleg kompensasjon i storleik 5 til 10 % av pris for bruksrett indikerer at tenesta berre omfattar feilretting og tekniske justeringar medan 20 til 30% indikerer at tenesta også omfattar vidareutvikling.87
I ein situasjon der leverandøren vinn fram med at den nye versjonen ikkje er omfatta av avtalen, vil alternativet vera enten å finna og ta i bruk heilt andre løysingar, eller å kjøpa bruksrett til den ’nye’ programvara. Dersom det for brukaren dreier seg om forretningskritisk programvare, vil det vera vanskeleg å fortsetta å bruka ei løysing som
84 IT10 Conditions software license, maintenance and support, artikkel 7.7
85 SSA-V punkt 1.5
86 ibid punkt 2.7
87 Desse tala er utelukkande bygd på forfattarens praktiske erfaring med denne typen avtalar
ikkje er støtta av leverandøren. All komplisert programvare har feil og manglar i koden. Desse feila vil bli eksponert til ulik tid og ved ulik bruk. Forretningskritisk programvare vil som oftast ha eit komplekst bruksmønster som er i kontinuerleg endring. Det inneber at det i slik programvare til ei kvar tid, også etter fleire års bruk, kan dukka opp kritiske feil.
Dersom leverandøren av programvara har fridd seg frå si forplikting til feilretting og vidareutvikling, kan feilretting eller omlegging av bruken for å unngå feilen medføra både store kostnader og lange periodar der programvara ikkje er tilgjengeleg for brukaren.
Problemet blir ytterligare forsterka der tredjeparts leverandør er involvert i operasjon og drift av programvara. Dersom leverandøren av programvara ikkje lenger forpliktar seg til feilretting og nødvendig endring, vil slik tredjepartsleverandør vegra seg mot å levera med same kvalitetsparameter som før. Det å gå over til heilt ny programvare, vil ofte medføra så store omstillingskostnader at kunden i ein slik tvist ser seg nøydd til å kjøpa bruksrett til den ’nye’ programvara.
Mange datamaskinprogram har ein lang siste bruksfase der programmet ikkje blir brukt til å handtera nye data, men utelukkande til å ta vare på og utføra berekningar på eksisterande data som skriv seg frå tidlegare hendingar. Ved slik bruk er det liten risiko for at det blir avdekka nye feil i og vanskar med koden. Det kan likevel vera nødvendig med nye versjonar etter kvart som kjøremiljøet elles blir endra og oppdatert. Likevel kan dette behovet truleg reduserast ved bruk av ny emulerings- og virtualiseringsteknologi som i aukande grad gjer det mogleg å setta opp og vedlikehalda kjøremiljø som simulerer tidlegare miljø og dermed gjer det mogleg å kjøra programversjonar som i utgangspunktet ikkje lenger kan kjørast i standardmiljøet. Dette kan truleg opna for at datamaskinprogram som er tatt ut av aktiv bruk i lang tid framover kan hentast fram og kjørast i eit simulert miljø utan oppgraderingar. Dersom bruksretten til eit datamaskinprogram er uavgrensa i tid, vil ei slik løysing kunne opne for lang tids bruk utan støtte frå leverandøren av programvara, og utan at ein treng tilgang til feilrettingar og nye versjonar.
5 Tilgang til kjeldekode
I avtalar om utvikling av programvare er det vanleg å avtala at oppdragsgjevar skal overta full opphavsrett til det leverte. Dette inneber vanlegvis også retten til endring og vidare overføring av opphavsretten. For å utnytta og sikra desse rettane er det viktig å ha tilgang til kjeldekoden. Trass i teknikkar som dekompilering og ’reverse engineering’, er det praktisk talt uråd å ta utgangspunkt i objektkoden til eit program ved vidareutvikling og endring.
Derfor er det også vanleg at leveransen i eit systemutviklingsoppdrag inkluderer eit eksemplar av kjeldekoden til det som er utvikla, og det er ei utbreidd oppfatning i programvarebransjen at kjeldekoden er ein del av leveransen sjølv om dette ikkje er spesifisert i leveransekrava.
Dette er ikkje opplagt. I 2002 tapte Pride Communication AS i Borgarting lagmannsrett ei sak mot oppdragstakar om utlevering av kjeldekode etter eit utviklingsoppdrag.88 Pride Communications AS er eit lite føretak som har som sitt viktigaste produkt eit opplæringsprogram i touch-metoden for tastaturbruk. I 1998/99 inngjekk dei avtale med ein sjølvstendig oppdragstakar om at han skulle programmera ein ny versjon av dette programmet tilpassa nyare Windows-versjonar. Avtalen var ikkje skriftleg, og ved ferdigstilling av oppdraget blei det tvist om kva som var avtalt både om utlevering av kjeldekoden, og om overgang av opphavsretten.
Pride meinte at avtalen innebar full overgang av alle opphavsrettar, og at det var bransjepraksis for at kjeldekode i slike prosjekt blei levert til oppdragsgivar saman med objektkoden. Oppdragstakaren meinte at det berre var avtalt ein ikkje eksklusiv bruksrett og rett til vidare overføring, og at han som opphavsmann kunne sitta igjen med kjeldekoden og rett til å utnytta denne som han ville. Retten avgjorde saka i oppdragstakars favør, og uttalte: ’Når avtalen ble inngått muntlig, må uklarheter og tvil om innholdet gå ut over Pride, som var den av partene som hadde størst oppfordring til å sikre seg på dette punkt’.89
88 LB-2001-3936
89 ibid s.
Dette er ein overraskande streng dom. Det er vanskeleg å sjå at avtalen for Pride kan oppfylla sitt formål dersom den får eit slikt innhald som retten gir den.
Året etter blei det i same rett motsett resultat i ei sak mellom Kezzler AS og Jarepta AS.90 Her var det inngått skriftleg avtale om utvikling av eit program som skulle integrerast i Kezzler si tekniske løysing for kontroll av om eit produkt er ein original eller ein kopi.
Kezzlers forretningsverksemd var bygd på sal av denne løysinga. Avtalen var skriftleg, og innebar overgang til Kezzler av ’alle rettigheter i forbindelse med de ferdig utviklede produkter og applikasjoner, systemer’.91 Derimot var retten til kjeldekoden ikkje spesifisert i avtalen, og heller ikkje omtalt i dialogen opp mot avtalen. Etter å ha vurdert innhaldet i dei rettane som var overført, og slått fast at også retten til å endra og vidareoverføra programmet var inkludert i dei rettane som Kezzler hadde etter avtalen, uttaler retten: ’Når en avtale overfører opphavsretten og retten til å endre programmet til oppdragsgiveren, har det etter lagmannsrettens syn formodningen for seg at oppdragsgiveren også har krav på å få utlevert kildekoden, selv om avtalen ikke sier noe uttrykkelig om det.’92 Her fyller retten ut avtalen med ein rett som er i samsvar med dei føresetnader dei tillegg partane. Det er t ikkje nødvendigvis nokon motsetning mellom desse to avgjerdene. I den eina saka var det ingen skriftleg avtale, og i den andre var det uttrykkeleg avtalt overgang av opphavsrett.
Likevel er det nok rett å sei at avgjerda i den siste saka nok er langt betre i samsvar med oppfatninga i bransjen enn avgjerda i Pride-saka.
IKT Norge sin systemutviklingsavtale (IKT U) nemner ikkje kjeldekode. I punkt 5 fyrste ledd blir det sagt at ’Kunden har opphavs- og eiendomsretten til resultatene av Oppdraget utført i henhold til denne avtalen’. Dersom leveransen ikkje er presist definert i vedlegga, kan det her lett bli eit vanskeleg tolkingsspørsmål om kjeldekoden inngår som ein del av resultata eller om det berre er det eksekverbare programmet som er resultatet.
Både i Statens Standardavtale Utvikling (SSA U) og i Den norske dataforenings PS 2000 er det eksplisitt nemnt at kunden skal ha full tilgang til kjeldekoden for det som er utvikla for
90 LB-2003-399
91 ibid s. 2
92 ibid s. 13
kunden. Det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at IKT U er utforma av leverandørsida og SSA U og PS2000 er utforma av kundesida.
Dersom programvara kan definerast som forretningskritisk, er det viktig å sikra at ein langsiktig kan fortsetta å bruka programvara uavhengig av skiftande forhold hos leverandøren. Det er mange forhold som kan føra til at ein leverandør enten ikkje kan, eller ikkje vil fortsetta å understøtta bruk av programvare han har opphavsretten til. Eit slikt forhold er insolvens og konkurs, eit anna er oppkjøp og fusjonar eller andre former for omlegging av forretningsdrifta som fører til at leverandøren ynskjer å prioritera anna verksemd. Dersom det skjer, vil ein brukar av programvare som har tilgang til kjeldekoden og under visse vilkår rett til å endre denne, kunne organisere alternativ støtte.
I StatoilHydros standardavtale for bruksrett er tilgang til kjeldekoden søkt sikra med ein klausul som bestemmer at kunden skal få ein kopi av kjeldekoden til programvara dersom leverandøren legg ned verksemda eller av andre grunnar sluttar å marknadsføre eller støtte programvara.93 Dette er ein klausul det ikkje alltid er så lett å få avtalemotparten til å akseptera.
Ein annan vanleg brukt mekanisme for å sikra denne retten, er å pålegge leverandøren å deponere kjeldekoden og tilhøyrande dokumentasjon hos ein tiltrudd tredjepart. Denne ordninga er i programvareavtalar ofte omtalt med det engelske omgrepet ’escrow’ som i Merriam-Webster online er definert som ’a deed, a bond, money, or a piece of property held in trust by a third party to be turned over to the grantee only upon fulfillment of a
93 IT10 Conditions software license, maintenance and support, artikkel 6.2
condition’. Vilkåret for at kunden kan henta ut koden som er plassert i escrow, er oftast at leverandøren på grunn av insolvens eller andre forhold ikkje lenger er i stand til å vidareutvikla og understøtta bruk av programvara.
Ein slik avtale vil kunne innebera at leverandørens insolvens i seg sjølv utløyser utlevering av kjeldekode og overgang av rett til å endra i koden. Dette kan innebera ei delvis heving av avtalen, og det er usikkert om ein slik avtale vil stå seg mot konkursbuets protest. I dekningslovas § 7.3 andre ledd, står det: ’Avtalebestemmelse som gir den annen part en videre adgang til å heve på grunn av skyldnerens insolvens, er ikke bindende for boet’. 94
I Norge tilbyr Oslo Handelskammer og fleire advokatar slik deponeringsteneste på eit relativt enkelt nivå. Internasjonalt finst profesjonelle escrow-agentar med meir komplekse tenester med omfattande prosedyrar for å sikre at kvaliteten på deponert dokumentasjon og kode er slik at koden kan kompilerast og eksekverast på spesifisert utstyr.
Slike deponeringstenester er relativt kostbare, og det er derfor vanleg å avtala at deponering fyrst skjer når kunden ber om at det blir gjort. StatoilHydros standardavtale for bruksrett har ein slik klausul.95 Ulempa med ei slik ordning der kunden må initiera deponering ved behov, er sjølvsagt at det er stor risiko for at det er for seint når kunden oppdagar at det er nødvendig. Verken SSA-K96 eller IKT Norges standardavtale for disposisjonsrett til programmer har klausular om deponeringsrett.
6 Rett til endring
Etter åndsverklovas §2 er det opphavsmannen som har einerett til å rå over verket både i opphavleg og endra form, og etter § 39b fyrste ledd har den som erverver opphavsretten ikkje rett til å endra verket med mindre det er særskilt avtalt.
94 Sjå om dette Torvund (1997) s. 167
95 IT10 Conditions software license, maintenance and support, artikkel 6.2
96 Statens standardavtaler for IT-anskaffelser Kjøpsavtalen
For mange leverandørar av programvare er endrings- og tilpassingsarbeid ein vesentleg del av forretningsgrunnlaget, og einerett til å utføra slikt arbeid kan ha stor økonomisk verdi. Einerett vil verna mot konkurranse og opna for høgare prisar på det endra produktet. Eit slikt konkurransevern vil også verka inn ved vurdering av om leverandøren skal investera i å bygga opp og halda vedlike kompetanse på programvara.
For ein brukarorganisasjon i olje- og gassindustrien vil det viktigaste aspektet ved endringsretten vera tryggleiken for at dei kan endra eller få endra programvara til den tid og på det vis som dei treng og til lågast mogleg kostnad. Det vil svært sjeldan vera interessant for eit slikt selskap å utnytta den moglege kommersielle gevinsten som kan ligga i sal av programvara i endra form. Endring og vidareutvikling av komplisert programvare krev omfattande kunnskap og kompetanse, og for brukarar av slik programvare er det viktig at endringsretten er plassert der slik kunnskap finst, og der det er interesse for å utvikla og halda vedlike denne kunnskapen.
Åndsverklovas § 39i gir eit unntak frå opphavsmannen si einerett til å framstilla eksemplar av eit datamaskinprogram i endra form. Paragrafen gir den som har rett til å bruka programmet, uavhengig av om endringsrett er avtalt, rett til dekompilering og endring som er nødvendig for å få til det paragrafen kallar ’funksjonelt samvirke mellom et selvstendig utviklet datamaskinprogram og andre programmer’. Dette unntaket er i praksis lite viktig.
Med mindre anna er avtalt er altså hovudregelen den at overføring av opphavsrett i utgangspunktet berre gir rett til eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering i den form verket har ved overføringstidspunktet.
I dei reine utviklingsavtalar er utgangspunktet at kunden får full opphavsrett og dermed einerett til å rå over resultatet av oppdraget. Både PS2000 og SSA U er svært klare på dette. I SSA U heiter det: ’Kunden får opphavsrett og alle andre immaterielle rettigheter til programvaren […] Rettighetene omfatter også endring og rett til videreoverdragelse’.97 I PS 2000 er tilsvarande klare ord nytta. Xxxxxx får ’enerett til å råde over programvaren
97 Statens standardavtale om utvikling av programvare, punkt 13.1
ved å fremstille ytterligere eksemplarer, både i opprinnelig eller endret form. Opphavsrett innebærer videre en uinnskrenket rett til kommersiell utnyttelse’.98
IKT U er mindre klar. Opphavsretten blir overført med desse orda: ’Kunden har opphavsrett og eiendomsrett til resultatene av oppdraget’.99 Uttrykket ’eiendomsrett’ har inga klår opphavsrettsleg meining, og det er svært uklårt kva det inneber i denne samanhang. Det vil innebera det opplagte at kunden får eigedomsrett til det fysiske resultatet av arbeidet, men kanskje er det også meint å ha det opphavsrettslege innhald at kunden får fullt økonomisk rådvelde over resultata, altså også rett til å endra og vidareoverføra retten til resultata. Avtalen har imidlertid ingen eksplisitte reglar om overføring av endringsrett og med mindre endringsretten er uttrykt på anna vis i avtalen, vil dette etter reglane i åndsverklovas §39b kunne innebera at den programvara som er utvikla spesielt for kunden under IKT U, ikkje kan endrast av kunden.
Heller ikkje i StatoilHydros standard kontraktvilkår for IT-tenester er endringsretten til programvare utvikla spesielt for kunden spesifikt nemnt. I artikkel 8.4 er det om opphavsrett sagt: ’Unless otherwise agreed, all Intellectual Property Rights in or to all materials, documents, computer programs, data and technology arising as a result of Contractor performing the Work, shall vest in and remain the property of Company.’ Uttrykket ’intellectual property rights’ vil etter ei reint språkleg fortolking også omfatta endringsretten. Imidlertid skal avtalen etter artikkel 21 tolkast i samsvar med norsk rett. Uttrykket som er brukt har inga klar meining i norsk rett, men må truleg oversettast med ’immaterialrett’. Opphavsrettane er inkludert i dette omgrepet, men om det i lys av ordlyden i åndsverklovas § 39b også gir endringsrett er vel uklart. Det ville gi selskapet ein klarare rettsposisjon om endringsrett var spesifikt omtalt.
Dei reine utviklingsavtalar er dei siste åra blitt sjeldne. Dei fleste større føretak ynskjer å utnytta standard programvare som både er utprøvd av andre, og som det er kompetanse på i leverandørmarknaden. Likevel endar dei aller fleste prosjekt for etablering av nye løysingar med skreddarsydde tilpassingar og tilleggsmodular til standardløysinga. Utgangspunktet for
98 Den norske dataforenings PS2000 Kontraktsstandard for leveranse av programvare m.m.
99 IKT-U, punkt 5
standardavtalane er i eit slikt tilfelle at kunden får ein ikkje-eksklusiv bruksrett til den delen av leveransen som var utvikla på førehand enten av leverandøren eller av tredjepart, og både opphavsrett og endringsrett til dei delar av leveransen som er spesielt utvikla for kunden. Det kan vera svært krevjande å utforma avtale og spesifikasjon slik at det klårt går fram kva for delar av leveransen kunden har fulle rettar til, og kva for delar han berre har bruksrett til.
Gjennom levetida for ei løysing, kan ei slik blanding av eksklusive og ikkje-eksklusive rettar gi store vedlikehaldsvanskar. Ved oppgradering av standardsystemet må ofte også tilpassingane oppdaterast for at dei ulike systemdelane kan virka saman slik det var tenkt. Slik oppdatering krev kompetanse både på standardprogramvara og tilpassingane. For spesielle løysingar kan denne kompetansen vera både praktisk vanskeleg og svært kostbar å vedlikehalda.
I nokre tilfelle vil eksklusiv rett til programvare som er heilt eller delvis eigenutvikla kunne gi fordelar i konkurransen med andre føretak i same bransje. Erfaring viser imidlertid at dette etter ei nøktern vurdering gjeld svært sjeldan. I dei fleste tilfelle er den fordelen som eksklusiviteten gir, langt mindre enn fordelen med å ha fleire brukarar som prøver ut og gir innspel til vidareutvikling av programvara. Det er også oftast slik at det er iverksettinga og måten ein utnyttar funksjonaliteten i programvara som gir konkurransefordelen.
Dette, samanhalde med at det er vanskeleg og kostnadskrevjande å oppretthalde endringskompetanse på spesielle løysingar, inneber at det svært ofte vil vera ein fordel å få innarbeidd dei spesialtilpassingar ein treng som integrerte delar av standardprogramvare som ein profesjonell programvareleverandør vidareutviklar og marknadsfører mot fleire kundar. Med ei slik løysing blir spesialtilpassingane haldne ved like saman med resten av programvara, og ein unngår risikoen for inkompatibilitet mellom ulike delar av løysinga når standardprogramvara blir oppgradert. For leverandøren kan det vera ei vinning med ei slik løysing at funksjonaliteten i programvara blir utvida, og derfor har eit større marknadspotensiale.
For kunden er ulempa med ei slik standardiseringsløysing at han ikkje har endringsrett, og heller ikkje kontroll over framtidig utvikling. Han blir svært sårbar overfor
forretningsmessige endringar hos leverandøren. Leverandøren kan missa interessa for å vidareutvikla utan å vilja gi frå seg endringsretten, eller han kan gjera utviklingsval som går på tvers av dei ynskje denne kunden har.
Ei mellomløysing som kan bøta litt på dette, er at endringsretten blir gjort ikkje-eksklusiv, slik at både leverandør og kunde får endringsrett til den versjonen som ligg føre på eit visst tidspunkt. Dette kan særleg vera ei løysing der marknadspotensialet for løysinga er lite eller svært usikkert, og er vanleg ved forsøk på kommersialisering av nye løysingar som er brakt fram i samarbeid mellom kundar og leverandør. Ei slik mellomløysing opnar for at kunden kan halda seg til leverandøren sine standardversjonar så lenge dette høver, men kan ta i bruk endringsretten dersom leverandøren sine endringsaktivitetar ikkje svarar til det som kunden ynskjer.
7 Rett til vidare overføring
For eit føretak i olje- og gassindustrien er vidare sal av opphavsrett til programvare svært sjeldan kommersielt interessant i seg sjølv. Likevel er retten til vidare overføring ofte viktig. Ikkje for å skaffa inntekter ved sal av bruksrett eller tenester i samband med andre sin bruk, men for å sikra at ein så fritt som råd kan bruka den programvara ein har skaffa seg råderett over for å støtta den verksemda ein driv. Som vist i avsnitt 4.4 kan ein i samband med det som ein vanlegvis oppfattar som vanleg bruk, i mange tilfelle overskrida grensene for det som vil bli definert som vidare overføring. Utgangspunktet i bruksrettsavtalar er oftast at ein ikkje kan overdra retten vidare. I avtalar om programvare spesialutvikla for kunden, er oftast utganspunktet at kunden får full opphavsrett til det leverte, altså også retten til vidare overdraging.
Etter regelen i åndsverklova § 39b andre ledd kan ein ikkje utan vidare overdra ein erverva opphavsrett til andre. Med mindre retten inngår i ei forretningsverksemd som blir overdratt, må ein ha særskilt samtykke frå opphavsmannen. Spørsmålet om samtykke til vidare
overdraging var eitt av dei viktige punkta i den såkalla MOCS-saka.100 Selskapet Micro- Form AS hadde overført ulike disposisjonsrettar til datamaskinleverandøren Xxxxxxxx.
Denne hadde i sin tur overdratt rettane vidare til tredjepart som vidareutvikla og marknadsførte nye versjonar av det systemet Micro-Form hadde utvikla. Micro-Form sin suksessor fekk både i byretten og lagmannsretten medhald i at Xxxxxxxx ikkje hadde rett til å vidare overdra rettane til tredjepart, og at denne derfor heller ikkje hadde rett til å laga og marknadsføra endra versjonar av programvara. Grunngjevinga frå lagmannsretten har ein litt underleg bruk av opphavsrettsleg terminologi som kan illustrerast av dette sitatet: ’Xxxxxxxx skulle ha rett til å endre, tilpasse eller utvide programsystem levert av Micro- Form, men dette punkt kan ikke fortolkes som å inneholde noen overføring av opphavsrett til Xxxxxxxx’.101 Etter åndsverklovas terminologi er det klårt at overføring av rett til å endra og til å vidareformidla bruksrett til tredjepart kvalifiserer som overføring av opphavsrett.
Det som er problemet i saka er at Xxxxxxxx har overdratt vidare den retten dei har, utan at dette er heimla i avtalen, og lagmannsretten påpeiker det ved å uttale: ’Noen nærmere holdepunkter til støtte for overdragelse – som generelt sett bør kreve klar avtalehjemmel – kan ikke lagmannsretten se lar seg utlede av leveranseavtalen.’102 Dette er ganske sikkert ei rett avgjerd, men det er litt underleg at lagmannsretten formulerer seg som om spørsmålet er om opphavsretten er overført. Det rette spørsmålet må vera om det var gitt rett til vidare overføring av dei opphavsrettar som faktisk var overført.
Etter den såkalla konsumpsjonsregelen i åndsverklovas § 19 fyrste ledd, kan eit eksemplar av eit åndsverk som er seld med opphavsmannens samtykke ’spres videre blant allmennheten’. Det gjeld også for datamaskinprogrammet, men det er berre den minste bruksrett som er gjort greie for i avsnitt 4.2 som kan vidareførast utan særskilt samtykke frå opphavsmannen.103 For å overdra vidare ein bruksrett utover det som den rettmessige ervervar har etter § 39h, må ein ha særskilt samtykke. Vidareoverdragingsretten etter § 19
100 LB-1997-717
101 ibid s.12
102 ibid s. 13
103 Sjå om dette Rognstad (1999) s. 249-265, særleg s. 254
er også innsnevra ved at det i andre ledd blir sagt at det ikkje er lov å låna ut eit ’maskinlesbart eksemplar’ av eit datamaskinprogram.
Dokumentasjonen har derimot same stilling som andre litterære verk. Også for den gjeld eineretten til eksemplarframstilling, men konsumpsjonsregelen inneber at den som har erverva programvare med dokumentasjon har ein vidare disposisjonsrett over dokumentasjonen enn over datamaskinprogrammet. Dokumentasjonen kan han både bruka sjølv, overføra til andre og låna ut utan vidare samtykke frå opphavsmannen.
Dersom opphavsrett går inn i ein del av ein forretning eller forretningsavdeling som blir overdratt til andre, trengst etter § 39b andre ledd ikkje særskilt samtykke for å overføra retten saman med denne forretningsverksemda. Uttrykket ’forretning eller forretningsavdeling’ må ein forstå som ein slik del av føretaket som kan definerast som meir eller mindre sjølvstendig forretningsmessig verksemd. Rognstad seier om dette i sin lovkommentar: ’Skal man ellers kunne snakke om en forretningsavdeling, må denne ha en viss grad av selvstendighet, et visst omfang og dekke et naturlig avgrenset område av overdragerens virksomhet.’104
Spørsmålet her blir kva som skal til for at vilkåret om at retten ’går inn i’ verksemda er oppfylt. Dersom retten er knytt til einskildtilsette eller datamaskinar som blir overført med verksemda, er det liten tvil om at vilkåret er oppfylt. Det vil til dømes gjelda for Microsoft Office. Bruksretten til denne programvara er knytt til spesifikke datamaskinar, og ved overføring av verksemd som omfattar desse maskinane, vil ein også ha rett til å overdra bruksretten til Microsoft Office saman med maskinane utan særskilt samtykke frå opphavsmannen. Likeeins vil vilkåret truleg vera oppfylt dersom retten er erverva med hovudsiktemål å støtta opp under den verksemda som blir overført. Meir tvilsamt er det om ein del av den rett som er erverva for generelt å støtta opp under føretaket si forretningsverksemd kan seiast å inngå i ein mindre del av verksemda som blir overført til andre. Dersom retten inngår i ein del av verksemda som berre leverer tenester til den verksemda som blir overført, vil det neppe vera grunnlag for å overføra deler av denne
104 Rognstad, Kommentar til åndsverklovens kapittel 3, note 71
Skifte av operatør for ein lisens til produksjon av olje eller gass, vil ofte ha karakter av overføring av verksemd. Vanlegvis blir heile feltorganisasjonen med tilsette og utstyr overført til den nye operatøren. I så fall er det ingen tvil om at dette er ei overføring av ei forretningsavdeling, og alle programvarerettar som er knytt til denne verksemda kan overførast utan særskilt samtykke frå opphavsmannen. Dette kan vera annleis ved skifte av operatør som skjer ved eit faseskifte i feltet sin livssyklus. På feltet Gjøa på norsk sokkel er StatoilHydro operatør for utbygginga, og GDF Suez er operatør for produksjonen. Her vil operatøren for produksjonen i siste fase av utbygginga bygga opp ein eigen driftsorganisasjon, og det er det ferdig utbygde feltet som blir overlevert til denne organisasjonen, ikkje ei forretningsavdeling som står for drifta. Erverv av utstyr og rettar som skal brukast i drifta av eit oljeproduksjonsfelt skjer ofte til partnarskapet som har konsesjon på lisensen. Dersom programvarerettar er erverva slik, er overgangen uproblematisk. Imidlertid er det ofte slik at rettar til programvare blir erverva av operatørselskapet og går inn i dette selskapet sin programvareportefølje. Programvarerettar som er erverva slik til operatørselskapet for utbygginga, kan ikkje utan samtykke frå opphavsmannen overførast til produksjonsoperatøren dersom feltet blir overlevert utan driftsorganisasjon.
I leverandørars standardavtalar om bruksrett er ofte utgangspunktet å snevra inn retten til vidare overføring så langt som råd . I IKT-K er dette formulert slik: ’Kunden får en begrenset løpende og ikke overførbar disposisjonsrett til programmene’.105 Kundens utgangspunkt er eit anna. I StatoilHydros standardvilkår for bruksrett har ein forsøkt å styrka den lovfesta retten til å overføra bruksrett til programvare saman med verksemd på denne måten: ’If part of Company’s business is sold or in any other way transferred to a
third party, Company shall have the right to transfer the Software license(s) to this third party in a way that enables and secures the continued use of the Software in this part of the business under the same terms and conditions as stated in this Contract’.106 Denne formuleringa omfattar også programvarerettar som ikkje ’går inn i’, men blir brukt av den verksemda som blir overført.
Ulike leverandørar av programvare har svært ulike haldningar til det å gi samtykke til vidare overføring til andre. For kunden vil det ved etablering av avtalar om programvarerettar vera viktig både å forstå sitt eige framtidige behov for vidare overføring, og å forstå leverandøren si grunnhaldning til dette spørsmålet
Store leverandørar av standard programvare har oftast enkle og greie rutinar for overføring av disposisjonsrett saman med overføring av verksemd, men er svært tilbakehaldne med å tillata overføring i andre samanhengar. Andre leverandørar som har si viktigaste inntekt frå tilpassingsoppdrag og ulike former for støtte til bruk av programvara, kan vera mest opptatt av at flest råd brukar programvara og treng tenester i samband med bruken. Det avgjerande for leverandøren si haldning til dette, er nok i siste instans vurderinga av korleis samtykke til vidare overføring vil påverka marknaden framover. Dersom vurderinga er at nekting av samtykke kan føra til mindre bruk av programvara, og dermed til færre oppdrag, vil det vera lett å gi samtykke. Dersom vurderinga derimot er at nekting av samtykke vil føra til at den parten som ikkje får seg overdratt retten til programvaren, vil erverva denne direkte av leverandøren, kan leverandøren vera tent med å vera meir tilbakehalden med samtykke.
Ved prosjekt der ny programvare er spesialutvikla på oppdrag frå kunde vil avtalen vanlegvis innebera at kunden overtar alle rettar til det som er utvikla, inkludert retten til å endra og overføra rettane vidare.107 For eit føretak som ikkje har programvareutvikling som si kjerneverksemd, vil det ofte vera krevjande å driva nødvendig vidareutvikling av slik programvare. Dersom det dreier seg om programvare som kan tenkast å ha eit marknadspotensiale også i andre føretak, er det ikkje uvanleg at opphavsretten og retten til å endra og utnytta programvaren kommersielt blir tilbakeført til leverandøren eller eit anna
106 IT10 Conditions software license, maintenance and support, artikkel 1.5
8 Open programvare
I dei siste åra har det som blir kalla open eller fri programvare blitt kommersielt viktig. Slik programvare blir vanlegvis gjort tilgjengeleg i marknaden under eit av fleire standard avtalekonsept.108 Dei fleste av desse konsepta har det til felles at dei for det fyrste ikkje tillet at det blir kravd vederlag for retten til å disponera programvaren, men berre for den tinglege retten til eksemplaret og for dei tenester som blir ytt i samband med utvikling, vedlikehald og støtte til bruken. For det andre skal kjeldekoden gjerast tilgjengeleg for brukaren, slik at han kan modifisera og vidareutvikla denne. Det meste av denne programvara er ikkje fri i den forstand at det ikkje er knytt vilkår til råderetten, men fri i den forstand at den på visse vilkår kan nyttast av alle utan betaling av vederlag, og open i den forstand at kjeldekoden er tilgjengeleg.
Mye slik programvare har fått stor utbreiing i det offentlege og i forbrukarmarknaden. Programvara Open Office og nettlesaren Mozilla Firefox er døme på det. Dersom eit føretak skal nytta slik programvare i forretningskritiske funksjonar, må dette konseptet kombinerast med ein leverandørmarknad der leverandørar er i stand til å ta langsiktig ansvar for vidareutvikling og støtte til bruken. Tradisjonelt har vilkåret for at ein leverandør skal ta slikt ansvar, vore at han på eit eller anna vis får eineretten til den programvara det gjeld, eller til visse tenesteytingar knytt til programvara. Slike einerettar kan ikkje etablerast rundt open programvare. Forretningsgrunnlaget for ein leverandør av tenester
Til nå er det ikkje utvikla kommersielt viktig open programvare for forretningsstøtte eller for støtte av forretningskritiske prosessar. Derimot er det utvikla ein omfattande kommersiell marknad for tenester rundt open programvare for utviklingsverktøy og operativsystem. Operativsystemet Linux er kanskje det viktigaste dømet på det. Denne programvara er svært utbreidd i olje- og gassindustrien, og det finst fleire store og veletablerte leverandørar som yter tenester innanfor vidareutvikling, vedlikehald og støtte til bruken av slik programvare.
Linux kan brukast under vilkåra gitt i GNU General Public License. Programvare som blir gjort tilgjengeleg under dette vilkårsettet, kan brukast til kva formål som helst og kan endrast og vidareformidlast av kven som helst. Dei viktigaste vilkåra for dette, er for det fyrste at alle opphavsrettsnotisar i programvara blir haldne vedlike i nye kopiar, for det andre at det går fram kven som har utført endringar, og for det tredje at alle brukarar av endra versjonar får same fridom til bruk, endring og vidareformidling som alle opphavsmenn i rekka av suksessorar etter den originære opphavsmannen har hatt. 109
General Public License er laga i tråd med ein ideologi der fri bruk og deling av resultatet av intellektuelt arbeid står svært sentralt. Tanken er at skjerming og hemmeleghald verkar hemmande på kreativitet og utvikling, og at fridom og deling skal verka frigjerande på kreative krefter i heile brukarsamfunnet. Dette bryt ganske radikalt med den tradisjonelle opphavsrettslege oppfatninga at vern av opphavsmannens einerettar er nødvendig for å sikra opphavsmannen trygge økonomiske rammevilkår for sitt skapande arbeid, og det er vel tvil om konseptet med open programvare får gjennomslag i marknaden for programvare som støttar komplekse og kritiske forretningsprosessar.
9 Avsluttande merknader
Det opphavsrettslege systemet er i utgangspunktet laga for kunstnarlege og vitskaplege verk av ein heilt annan karakter enn datamaskinprogram. Derfor kan terminologi og konsept kjennast litt framandt i det daglege arbeidet med avtalar om rettar til programvare. Likevel er det slik at konseptet høver overraskande godt, og med dei spesialreglar for datamaskinprogram som er kome til dei siste åra, har det opphavsrettslege systemet vist seg å gi eit godt rettsleg rammeverk for økonomisk utnytting av programvare. Det vernet som det gir opphavsmannen, tener også brukarorganisasjonane i den forstand at det gir eit trygt rammeverk for opphavsmannen si investering i nyutvikling og vidareutvikling.
Det er dei siste åra utvikla gode standardavtalar på området. Særleg er det gjort eit stort og godt arbeid med statens standardavtalar som også kan vera nyttige å bruka for private organisasjonar. Likevel er det utfordringar knytt til terminologi. Når det i SSA-K blir sagt at ’disposisjonsretten berører ellers ikke selve opphavsretten til programmene’,110 tyder det på ei manglande forståing av kva opphavsretten er. Den omtalte disposisjonsretten gir nettopp ei viktig overføring av opphavsrett i og med at den gir rett til eksemplarframstilling.
Dei største praktiske utfordringane ved bruk av avtalar om rettar til programvare ligg nok i avtalar om samansette leveransar der kunden får ulike rettar til ulike deler av leveransen. Både for leverandør og kunde krev dei god forståing av dei opphavsrettslege konsepta, og ikkje minst god inn|sikt i eige behov slik dei er og vil utvikla seg i heile den perioden som er relevant for bruk av det leverte. For slike leveransar gir SSA-T, statens tilpassingsavtale, eit godt rammeverk.
10 Liste over litteratur vist til i teksten
Xxxxx, Xxxx et al. Kontrakter for utvikling av programvare. Oslo, Cappelen Akademisk Forlag, 2006
Hov, Jo Avtaleslutning og ugyldighet. 3. utgave. Oslo, Papinian, 2002.
Xxxxxxxx, Xxxxxx: Copyleft - En analyse av rekkevidden av gjensidighetsvilkår i åpne programvarelisenser i norsk rett. Complex nr 7/2005. Oslo, Institutt for rettsinformatikk, 2005
Xxxxxxxxxxxx, Xxxxxx Lærebog i Immaterialret. 7. reviderede udgave. København, Jurist- og Økonomforbundets Forlag, 2005
Merriam-Webster Online Dictionary, slik som den framstår på internett april 2009 på adressa xxxx://xxx.xxxxxxx-xxxxxxx.xxx.
Norsk dataordbok, redigert av Xxxx Xxxxxxx et al. Oslo, Universitetsforlaget, 1997
Nynorskordboka, laga av Enhet for digital dokumentasjon ved Det humanistiske fakultetet, Universitetet i Oslo, slik som den framstår på internett april 2009 på adressa xxxx://xxx.xxxxxx.xxx.xx/xxxxxxxxxx_xxxxxxx.xxxx.
Xxxxxxxx, Xxx-Xxxxxxx: Kommentar til åndsverkloven kap 3. I: Norsk lovkommentar, Gyldendal rettsdata, nettversjon (xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xxxxxx/xxxxxxxx.xxx?xxxxxxxxx)
Xxxxxxxx, Xxx-Xxxxxxx: Spredning av verkseksemplar, Oslo, Cappelen Akademisk Forlag, 1999.
Xxxxxxx, Xxxx: Kontraktsregulering – IT-kontrakter, Oslo, Tano Aschehoug 1997
Xxxxx, Xxxxxx Xxxxx: Kommentar til åndsverkloven kap 1. I: Norsk lovkommentar Gyldendal rettsdata, nettversjon (xxxx://xxx.xxxxxxxxx.xx/xxxxxx/xxxxxxxx.xxx?xxxxxxxxx)
Xxxxx, Xxxxxx Xxxxxxx og Xxxxxx Xxxxxxxx xx.: Opphavsrett i en digital verden. Oslo, Cappelen Akademisk Forlag, 1997
11 Liste over avtaledokument vist til i teksten
Adobe Programvarelisensavtale. Gen_WWCombined-no_NO-20080205_1329. Publisert på xxxx://xxx.xxxxx.xxx/xxxxxxxx/xxxxx
GNU General Public License, Version 3. Publisert 29. juni 2007 på xxxx://xxx.xxx.xxx/xxxxxxxxx/xxxxxxxx/xxx.xxxx.
IKT-U. IKT Norges standardavtale om systemutvikling (gjengitt i Føyen: Kontrakter for utvikling av programvare, Oslo 2006)
IKT-K. IKT Norges standardavtale om kjøp av utstyr og disposisjonsrett til standard programmer, publisert 29.2.2008. Tilgjengeleg frå IKT Norge.
IKT-V. IKT Norges standardavtale om vedlikehold og programservice, publisert 29.2.2008. Tilgjengeleg frå IKT Norge
Microsoft PUR. Produktbrukerrettigheter ved lisensiering fra Microsoft, Norsk, Januar 2009. Publisert på xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx.xxx/xxxxxxxxx
Microsoft SPUR. Microsoft Licensing Services Provider Use Rights, Worldwide English, January 2009. Publisert på xxxx://xxx.xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx.xxx/xxxxxxxxx
PS 2000 Kontraktsstandard for leveranse av programvare m. m., Den norske dataforening. Del II Generelle kontraktsbestemmelser. (gjengitt i Føyen: Kontrakter for utvikling av programvare, Oslo 2006)
SSA-K. Statens standardavtaler for IT-anskaffelser. Kjøpsavtalen. Avtale om kjøp, disposisjonsrett og andre ytelser ved IT-anskaffelser. Publisert 15.12.2006.
SSA-V. Statens standardavtaler for IT-anskaffelser. Vedlikeholdsavtalen. Avtale om vedlikehold og service av utstyr og programvare. Publisert 15.12.2006.
SSA-T. Statens standardavtaler for IT-anskaffelser. Tilpasningsavtalen. Avtale om levering av standard system og tilpasning. Elektronisk versjon, juli 2006
StatoilHydro ASA, Information Communication Technology (ICT), IT10 Conditions software license, maintenance and support, StatoilHydro 2008 (avtaleteksten vedlagt)
StatoilHydro ASA, Information Communication Technology (ICT), General Conditions of Contract (avtaleteksten vedlagt)
12 Liste over lover, forarbeid, traktatar o.l. vist til i teksten
1961 | Lov om opphavsrett til åndsverk m. v. (åndsverkloven) av 12. mai 1961 nr 2. |
1984 | Lov om fordringshavernes dekningsrett (dekningsloven) av 8. juni 1984, nr |
59 |
ITR Code of Federal Regulations Title 31 Part 560 (Iranian Transactions Regulations)
Rdir 91/250/EEC Council Directive 91/250/EEC of 14 May 1991 on the legal protection of computer programs (programvaredirektivet
Rdir 2001/29/EC Directive 2001/29/EC of the European Parliament and of the Council of 22 May 2001 on the harmonisation of certain aspects of copyright and related rights in the information society
Bern-konvensjonen Bern-konvensjonen om vern av litterære og kunstneriske verk av 9. september 1886, komplettert i Paris den 4. mai 1896, revidert i Berlin den 13. november 1908, komplettert i Bern den 20. mars 1914, revidert i Roma den 2. juni 1928, revidert i Brussel den 26. juni 1948 og revidert i Paris 24. juli 1971.
Xx.xxx.xx 33 (1989-1990) Om lov om endringer i åndsverkloven (opphavsrett og edb)
Xx.xxx.xx 84 (1991-1992) Om lov om endringer i lov 12 mai 1961 nr. 2 om
opphavsrett til åndsverk m.v. og i enkelte andre lover som følge av EØS-avtalen
Ot.prp.nr.46 (2004-2005) Om lov om endringer i åndsverkloven m.m.
NOU 1986 NR 18 NOU 1986:18. Opphavsrett og edb. Delutredning III
13 Liste over rettsavgjerder vist til i teksten
Rt-1953-633 (Bedriftsmusikkdommen) Rt-1991-1296 (Videogramdommen) Rt -2001-872 (Prøvetrykk)
13.2 Publiserte underrettsdommar
LB-1997-717 (MOCS)
LB-2001-3936 (Pride Communications) LB-2003-399 (Kezzler/Jarepta)
Oslo byretts dom 24. september 1992 i sak mellom Alcatel STK og sjølvstendig oppdragstakar, (sitert frå artikkel i Lov & Data nr 34 - mars 1993, publisert på Lovdata online)
CH 1994 F No 5193 in the High Court of Justice Chancery Division, London, hearing dates: 27 - 29 January, 1998. Microfylde Ltd v. Key Radio Systems Ltd.
VEDLEGG:
StatoilHydro ASA, Information Communication Technology (ICT), IT10 Conditions software license, maintenance and support
StatoilHydro ASA, Information Communication Technology (ICT), General Conditions of Contract