Innleiing. Kinn kommune si målsetting er gitt i samsvar med lov- og avtaleverket. Å opprette eit rusfritt arbeidsmiljø ved hjelp av sakleg informasjonsarbeid og ved å gjetilbod om hjelp til tilsette med rusmiddelproblem. Tilbod om hjelp kan også gjevast til tilsette som er speleavhengige. Arbeidsreglementet for Kinn kommuneArbeidstakaren må ikkje vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida. Tilsette som bryt denne regelen ved å opptre rusa i tenesta skal visast bort frå arbeidsstaden. Ved 2. gangs tilfelle skal det vurderast om ein skal gi tilbod om hjelp etter kommunen sine retningsliner for misbruk av alkohol eller andre rusmiddel.
Innleiing. 1.1 Bakgrunn Ingen forretningsorganisasjon kan i dag klara seg utan omfattande bruk av programvare. I dei fleste større organisasjonar er det slik at all verksemd, enten det er i produksjon, marknadsføring eller støttefunksjonar, er avhengig av eit mangfald av applikasjonar som er samansett av programvare som er framskaffa til ulike tider, på ulike måtar og frå ulike kjelder.Utviklinga i programvarebransjen skjer svært fort, og det er ei utbreidd oppfatning at utviklinga er akselererande. Likevel er det slik at bruksperioden og dermed den relevante avtaleperioden for programvare godt kan strekka seg over to til tre tiår. Det vil også vera tilfelle for programvare som blir anskaffa i dag. Utbreidd bruk av virtualisering og tenesteorientert arkitektur (SOA)1 inneber kanskje at forventa levetid for programvare i dag faktisk er lenger enn før.Dei fleste større føretak er i kontinuerleg organisatorisk og kommersiell endring. Slik endring vil ofte medføra at bruksmønsteret av programvare blir endra, ny bruk fører med seg ynskjer om vidareutvikling, og i samband med fusjonar, sal av verksemd og utsetting av oppgåver kan det vera nødvendig å overføra disposisjonsretten over programvare til andre føretak.For dei fleste eignelutar medfører slik omdisponering gjennom brukstida ikkje spesielle juridiske utfordringar. Dei er kjøpt og betalt, og føretaket kan disponera dei etter eige ynskje. Den som har erverva eigedomsretten til ein ting kan disponera tingen som han vil med mindre noko anna er avtalt. Med programvare, og for så vidt andre åndsverk, er det annleis. Det meste av den programvare som inngår i porteføljen til eit større føretak, vil 1 Service Oriented Architecturebåde i norsk og internasjonal rett falle inn under reglane om opphavsrett for åndsverk.2 Dette inneber blant anna at ved erverv av disposisjonsrett til programvare er det berre dei uttrykkeleg avtalte rettar som blir overført. Alle andre rettar blir igjen på avhendar si hand, og ervervar kan berre disponera programvara slik som det er avtalt ved ervervet. Slik kan dei avtalte rettane bli eit statisk element som bremsar utviklinga i ein dynamisk organisasjon.Utgangspunktet i reglane om opphavsrett til åndsverk er at den eller dei einskildmenneska som har brakt fram åndsverket har einerett til å framstilla eksemplar av det, og til å gjera desse tilgjengelege for ålmenta. Dersom eit føretak skal få slik rett til å disponera eit åndsverk, må heile eller delar av denne retten overførast ved avtale eller...