Klatrereglar i tauvegg. • Alt sikringsarbeid skal skje ståande. Maksimal avstand til klatreveggen for den som sikrar er 2 meter. Ved klatring på topptau i overheng skal ein bruka mellom- forankring. Meld ifrå umiddelbart til den det gjeld om du ser nokon som gjer feil i sikringsarbeid.• All klatring skal foregå med utstyr godkjent av UIAA (CE-godkjenning).• All topptauing skjer med tauet rundt topptaufestet eller gjennom to karabinar. Den eine skal vera skrukarabinar.• Det er ikkje lov å topptaue på dei mest overhengande rutene.• Klatrar skal klippa seg inn på alle sikringsboltar/hengarar.• Unngå finger i boltehengarar.• Det blir brukt kalkball, og ikkje lauskalk, i klatreanlegget.• Clogging er forbode.• Nedfiring skal skje kontrollert. Den som blir fira ned går roleg ned veggen utan å sparka seg ut.• Ved lause klatregrep: gje beskjed til dagleg leiar til dømes via e-post, sms, telefon, eller besøk kontor nr. 1 i 2.etg for munnleg beskjed eller levering av lapp.• Ikkje etterskru sjølv.• Når du oppheld deg og klatrar i klatrehallen, skal du alltid ha fokus oppover og vera merksam på at det kan falla ned gjenstandar, eks. klatregrep og karabinar. Tenk over kor du står og kor du vel å opphalda deg når du ikkje klatrar.• Det skal ikkje vera stolar og lause gjenstandar inne i klatrehallen.• Ved stor vektforskjell vert det rådd til at sikrar koplar seg inn i bolt i botn av vegg med langslynge.• Ha aldri to tau inni på same punkt. På nybegynnarveggen skal topptau ikkje kryssa kvarandre.• Uaktsomheit eller regelbrot kan medføra bortvising, grove eller gjentekne tilfelle kan medføra inndratt brattkort eller andre klatrekort.