Kvifor ein Kommunal Hjorteviltplan. For at den einskilde kommune og grunneigarane skal kunne evaluere og etterprøve om dei når dei langsiktige måla deira og om dei undervegs er på rett veg, har NINA naturdata as utvikla produktet Kommunale Hjorteviltplaner. Gjennom undersøkjingar utført av NINA (NINA rapport 383, Kommunal viltforvalting, http://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2008/383.pdf) har ein røynt at svært få kommunar set seg etterprøvbare mål for korleis ein ønskjer hjorteviltbestanden sin i eit langsiktig perspektiv. Ønskjet vårt er difor at dette produktet skal hjelpe den einskilde kommune og eigarsida til å tenkje meir målretta om korleis ein ønskjer den framtidige hjorteviltbestanden i kommunen skal vere og at dette undervegs kan etterprøvast og evaluerast.