Mål døme på klausular

Mål. Partane si målsetjing er å vidareføra og vidareutvikla Sognekraft i eit framtidsretta, effektivt og robust energikonsern. Konsernet skal ha lokal forankring i regionen og skal ha fokus på lønsemd/ verdiskaping, sikker straumforsyning, låg nettleige og god avkastning til eigarane.Konsernet skal være ein regional aktør for utvikling innanfor dei rammer som er naturlege eller der eigarane i fellesskap ynskjer dette. Konsernet skal kunne vere ein medspelar for Partane i nærings- utviklingsarbeid i dei tre eigarkommunane. Konsernet sine ressursar og kompetanse skal kunne nyttast til å løfte fram og styrka ny og eksisterande næring og samfunnsutvikling. Konsernet skal arbeide for å sikre lokal verdiskaping og styrke lokale bedrifter si evne til utvikling.Selskapet bør innanfor rasjonelle rammer ha vidare fokus på lokale arbeidsplassar i ein desentral modell der ein søkjer å ha arbeidsplassar rundt i regionen.Selskapet skal har nøkterne ordningar, med utgangspunkt i det som gjeld i bransjen, for avlønning, goder og honorering av leiarar og tilsette.