Råmeverk for hjorteforvaltninga. Det er Stortinget gjennom Miljøverndepartementet som legg råmene for korleis hjorteviltforvaltinga skal gjennomførast. Desse utøver politikken sin gjennom Fylkesmannen og ut til kommunen. Etter at ein la om til bestandsbasert forvalting av hjortevilt, er det grunneigarane som har ansvaret for å utarbeide bestandsplaner i tråd med offentlege føringar. Kommunen har no avgjerdsmynde i hjorteforvaltinga og er den naturlege samarbeidspartnaren for grunneigarane.