Stenging av anlegget. • Fjorden arena har rett til å stenga heile eller deler av anlegget på heilagdagar og redusera opningstida i samband med ferie, offentlege fridager eller arrangement.• Brukar må kunne pårekna kortare stengingsperiodar av heile eller deler av Fjorden arena, alternativt reduserte opningstider ved eksempelvis nødvendig vedlikehald eller driftstekniske problem.• Fjorden arena er ikkje ansvarleg for hindring eller avgrensa høve til trening på grunn av forhold utanfor Fjorden arena sin kontroll, og som Fjorden arena ikkje kunne sjå på førehand eller overvinna følgje av (Force Majeure).• Fjorden arena har rett til å endra tilbodet i klatrehallen, t.d. tilgang til utstyr og mindre endringar i opningstid.