Generelle vilkår for FoU-prosjekt
Generelle vilkår for FoU-prosjekt
Generelle vilkår for FoU-prosjekt er ein integrert del av alle FoU-kontraktar for bidragsfinansiert forsking som blir inngått med Forskingsrådet, og gjeld dersom ikkje anna er avtalt skriftleg.
Desse generelle vilkåra gjeld frå 1.7.20181.
1 Viktige omgrep
Administrativt ansvarleg: Innehavaren av stillinga som har fullmakt til å representere og forplikte den prosjektansvarlege overfor Forskingsrådet. Viss den prosjektansvarlege har oppnemnt ein eigen kontraktsansvarleg, vil han/ho avløyse den administrativt ansvarlege når det gjeld fullmakt til å inngå og/eller endre avtaledokumentet i alle FoU-prosjekt som den prosjektansvarlege har med Forskingsrådet.
Avtaledokumentet: Dokument som partane signerer, og som inneheld avtalte presiseringar og reguleringar for prosjektet.
Løyving: Bidraget Forskingsrådet har vedtatt å gi til finansiering av prosjektet, og som blir gitt med bindande verknad for eitt budsjettår om gongen.
Direkte kostnader: Kostnader som kan knytast direkte til gjennomføringa av prosjektet. Finansieringsplan: Plan for korleis prosjektkostnadene skal finansierast gjennom prosjektperioden. Force majeure: Upåreknelege og ekstraordinære omstende som partane ikkje har kontroll over.
Forskingsgenererte data: Registreringar, nedteikningar og rapporteringar i form av tal, tekst, bilete og lyd som blir genererte eller oppstår undervegs i forskingsprosjektet.
Forskingsinfrastruktur: Utstyr, ressursar og tilknytte tenester som forskingsmiljøa bruker til å utføre forsking innanfor sine respektive fagområde. Dette omfattar blant anna vitskapeleg utstyr og utstyrsfasilitetar, kunnskapsbaserte ressursar, som samlingar, arkiv eller strukturert vitskapeleg informasjon som gjer forsking mogleg, elektronisk infrastruktur (nettverk, berekningsressursar, lagringsressursar, programvare, grids) og alle andre unike einingar som er avgjerande for å kunne utføre forsking. Forskingsinfrastrukturar kan vere samla på éin stad eller distribuerte (eit organisert nettverk av ressursar).
Framdriftsplan: Plan for gjennomføring av hovudaktivitetane i prosjektet med delmål og milepælar.
Immaterielle rettar: Patent og alle andre rettar til tekniske løysingar, metodar, prosessar, prosedyrar, teikningar, prototypar, spesifikasjonar, design, kretsmønster og bedriftshemmelegheiter, uavhengig av om dei er patenterte eller registrerte eller kan patenterast eller registrerast, og alle opphavsrettar, databaserettar og andre nærståande rettar, rettar til varemerke, domene og andre forretningskjenneteikn og rettar verna etter marknadsføringsloven, uavhengig av om dei kan registrerast eller er registrerte.
Indirekte kostnader: Kostnader knytte til den forholdsmessige bruken av ressursar i prosjektet som ikkje er direkte knytte til gjennomføringa av prosjektet.
1 Gjeld for prosjekt med søknadsfrist etter 1.7.2018.
Kommersiell utnytting: Direkte eller indirekte bruk av prosjektresultat i utvikling og/eller marknadsføring av produkt, teneste eller prosess, eller overdraging og/eller lisensiering av prosjektresultat til tredjepart. Utgiving på eit forlag blir ikkje rekna som kommersiell utnytting.
Kontrakten: Avtaledokumentet, prosjektbeskrivinga, Generelle vilkår for FoU-prosjekt og eventuelle avtalte tilleggsdokument.
Kontraktsansvarleg: Éin person som har fullmakt til å inngå og/eller endre avtaledokumentet i alle FoU- prosjekt som den prosjektansvarlege har med Forskingsrådet.
Kostnadsplan: Samla budsjetterte prosjektkostnader for prosjektperioden fordelte på kostnadstypar.
Part/partane: Den prosjektansvarlege og Forskingsrådet, kvar for seg eller samla.
Prosjekt: Den samla aktiviteten som blir omfatta av kontrakten.
Prosjektansvarleg: Den som er ansvarleg overfor Forskingsrådet for at prosjektet blir gjennomført i tråd med kontrakten, tar imot løyvinga frå Forskingsrådet og elles har forpliktingar etter kontrakten.
Prosjektbakgrunn: Kunnskap, medrekna immaterielle rettar, som den prosjektansvarlege og samarbeidspartnarar bringar med seg inn i prosjektet.
Prosjektbeskriving: Fagleg og administrativ beskriving av og plan for gjennomføring av prosjektet.
Prosjektfinansiering: Ressursar som blir stilte til rådvelde for å gjennomføre prosjektet og dekkje prosjektkostnadene, medrekna finansielle midlar og bidrag i form av lokale, forskingsinfrastruktur, personellressursar osv.
Prosjektkostnader: Direkte og indirekte kostnader knytte til gjennomføring av prosjektet.
Prosjektleiar: Personen som på vegner av den prosjektansvarlege skal sikre den faglege framdrifta og gjennomføringa av prosjektet.
Prosjektperioden: Perioden som prosjektet blir utført i, og som er oppgitt i avtaledokumentet.
Prosjektrekneskap: Rekneskapen til den prosjektansvarlege over prosjektkostnader og prosjektfinansiering.
Prosjektresultat: Alle resultat som blir skapte eller oppnådde i samband med prosjektet, medrekna immaterielle rettar, uavhengig av om resultata er verna av lovgiving eller ikkje.
Prosjektsamandrag: Kortfatta, fagleg prosjektbeskriving som kan offentleggjerast for allmenta.
Samarbeidsavtale: Avtale som regulerer blant anna arbeidsform, oppgåvefordeling og rettar og plikter mellom den prosjektansvarlege og samarbeidspartnarar.
Samarbeidspartnarar: Dei som i samsvar med avtaledokumentet skal gjennomføre prosjektet i samarbeid med den prosjektansvarlege.
Signere/signering: Elektronisk aksept av kontrakten i det elektroniske systemet til Forskingsrådet og/eller fysisk signatur på avtaledokumentet.
Tilsegn: Vilkårsbunde løfte frå Forskingsrådet om finansiering.
Underleverandør: Aktør som leverer varer eller tenester eller bidreg til gjennomføring av enkelte oppgåver i prosjektet på oppdrag frå den prosjektansvarlege, og som ikkje er samarbeidspartnar.
Prosjektet skal gjennomførast i samsvar med kontrakten.
Underleverandørar kan ikkje bli gitt rettar til prosjektresultat.
3 Prosjekt med samarbeidspartnarar
I prosjekt med samarbeidspartnarar skal den prosjektansvarlege representere samarbeidspartnarane overfor Forskingsrådet.
Den prosjektansvarlege skal inngå samarbeidsavtale med samarbeidspartnarane. Viss ikkje anna er avtalt skriftleg, skal slik samarbeidsavtale liggje føre innan tre månader etter at Forskingsrådet har oversendt kontrakten til den prosjektansvarlege, og alltid før Forskingsrådet utbetaler midlar.
Samarbeidsavtalen skal regulere dei gjensidige rettane og pliktene til den prosjektansvarlege og samarbeidspartnarane, medrekna fordeling av prosjektkostnader, eigarskap til forskingsinfrastruktur og rettar osv. til prosjektresultat, jf. punkt 8.3,
Den prosjektansvarlege skal sørgje for at samarbeidsavtalen reflekterer vilkåra og føresetnadene i kontrakten, medrekna at samarbeidspartnarane blir pålagde dei pliktene den prosjektansvarlege er pålagd, så langt det er relevant for rolla til samarbeidspartnarane i prosjektet, og at samarbeidspartnarane heile tida er kjende med alle relevante delar av kontrakten. Den prosjektansvarlege skal bl.a. sjå til at løyvinga blir disponert i samsvar med kontrakten og sørgje for at samarbeidspartnarane fører og rapporterer kostnadsrekneskapen som grunnlag for utarbeiding av ein prosjektrekneskap som tilfredsstiller krava i kontrakten, jf. punkt 5.
Forskingsrådet kan stille særlege krav til samarbeidet.
Inngåing av samarbeidsavtalen endrar ikkje ansvaret til den prosjektansvarlege etter kontrakten.
Forskingsrådet skal gjennom samarbeidsavtalen ha rett til å utøve rettane til den prosjektansvarlege etter samarbeidsavtalen så langt det er nødvendig for utøvinga av rettane til Forskingsrådet etter kontrakten (medrekna bestemmingar om teieplikt, kontroll og revisjon osv.).
Eventuelle endringar i samansetninga av samarbeidspartnarar, slik ho går fram av avtaledokumentet, føreset skriftleg godkjenning frå Forskingsrådet på førehand.
4 Utbetaling, overføring og atterhald
4.2 Overføring av ubrukte midlar frå det enkelte budsjettåret
Forskingsrådet kan etter grunngitt søknad frå den prosjektansvarlege samtykkje til overføring av ein del av løyvinga som ikkje er nytta, frå eitt budsjettår til det neste. Den prosjektansvarlege må seinast ved utgangen av kalenderåret som midlane er gitt for, sende slik søknad om overføring til Forskingsrådet. Dersom Forskingsrådet ikkje gir samtykke til at dei ubrukte midlane kan overførast, blir dei trekte frå det samla løyvde beløpet. Dersom midlane allereie er betalte ut, vil Forskingsrådet redusere utbetalinga for neste år med tilsvarande beløp eller krevje at ubrukte midlar blir betalte tilbake.
4.3 Tilbakebetaling som følgje av lågare prosjektkostnader
Dersom prosjektkostnadene er lågare enn det som følgjer av kostnadsplanen, utbetaler ikkje Forskingsrådet eventuelle overskytande midlar som ikkje allereie er betalte ut. Utbetalte midlar som overstig Forskingsrådet sin avtalte del av prosjektkostnadene, skal betalast tilbake på den måten Forskingsrådet opplyser om.
Innfriing av Forskingsrådet si tilsegn for etterfølgjande år føreset blant anna
• at det ikkje ligg føre vesentlege avvik
6.2 Framdriftsrapportar og meldingar om prosjektendringar
I framdriftsrapporten skal den prosjektansvarlege gi opplysningar om oppnådde resultat i prosjektet. Framdriftsrapporten og eventuelle endringsmeldingar må godkjennast av Forskingsrådet før løyvinga kan utbetalast og/eller tilsegna kan bli innfridd, jf. punkt 4.5.
Forskingsrådet skal godkjenne sluttrapporten.
6.4 Xxxxx rapportering
Forskingsrådet kan i rimeleg omfang krevje tilleggsrapportar for kortare periodar eller for bestemte delar av prosjektet.
For visse typar prosjekt krev Forskingsrådet innsending av prosjektrekneskapsrapport. Dette går i tilfelle fram av avtaledokumentet.
På oppmoding frå Forskingsrådet skal den prosjektansvarlege vederlagsfritt og så langt som mogeleg bidra til Forskingsrådet si evaluering og resultatmåling av prosjektet. Evalueringa omfattar ei vurdering av den faglege og økonomiske betydninga av prosjektresultata. Den prosjektansvarlege si plikt til å bidra gjeld i ein periode på inntil ti år etter at sluttrapporten er levert, med mindre noko anna er avtalt skriftleg.
Den prosjektansvarlege pliktar også å gi frå seg rekneskapsinformasjon og eventuelt andre statistiske opplysningar om prosjektet til nasjonal forskingsstatistikk.
7 Forvaltning av personale, rapportering osv.
Den prosjektansvarlege har arbeidsgivaransvar for eige personale som er knytt til prosjektet.
For stipendiatar gjeld følgjande:
• Den prosjektansvarlege skal følgje opp stipendiatar administrativt i tråd med verksemda sine eigne retningslinjer og rutinar.
• Den prosjektansvarlege skal rapportere bruk av stipend til Forskingsrådet i samsvar med rutinane til Forskingsrådet.
• Den prosjektansvarlege skal straks melde eventuell endra start- og sluttdato for stipendiatar til Forskingsrådet.
• Permisjonar og reduserte stillingar for stipendiatar i løpet av stipendperioden skal rapporterast slik Forskingsrådet oppgir.
• Den prosjektansvarlege skal behandle søknader om permisjon som er heimla i lov eller sentrale avtalar, og som medfører forlenging av stipendperioden, i samsvar med retningslinjene til verksemda.
• Dersom ein stipendiat sluttar før den avtalte stipendperioden er over, skal den prosjektansvarlege utan ugrunna opphald melde frå til Forskingsrådet om avsluttingstidspunktet og årsaka til avbrotet.
• Dersom Forskingsrådet finn at den faglege framdrifta for stipendiaten ikkje er tilfredsstillande, skal Forskingsrådet ta det opp med den prosjektansvarlege, som pliktar å setje i verk mogelege og rimelege tiltak som Forskingsrådet oppgir. Viss den prosjektansvarlege finn at det er forhold som tilseier at stipendet bør stansast eller avviklast, skal den prosjektansvarlege straks ta det opp med Forskingsrådet. Avvikling eller stans av stipendet føreset at Forskingsrådet har gitt skriftleg samtykke på førehand.
8 Eigedomsrett, utnyttingsrett og lisensiering
8.2 Prosjektresultat
Rettar
Den prosjektansvarlege skal sikre seg rettane til kommersiell utnytting av prosjektresultat, og skal om nødvendig inngå avtalar med eigarar, tilsette (medrekna dei med fleire tilsetjingsforhold), underleverandørar og andre for å oppnå dette.
Slik sikring av rettar medfører ikkje avgrensing i vernet av dei ideelle rettane til opphavsmannen etter åndsverkloven, og er ikkje til hinder for at det kan avtalast vederlagsordningar for opphavsmenn tilsvarande dei som gjeld for tilsette sine oppfinningar som kan patenterast i samsvar med lov om retten til oppfinnelser som er gjort av arbeidstakere.
Vern
Den prosjektansvarlege skal vurdere behovet for vern av prosjektresultat som kan ha forretningsmessig verdi, og sørgje for slikt vern når behovet tilseier det. Dersom lovgivinga krev at rettane må registrerast for å oppnå vern, skal den prosjektansvarlege sørgje for slik registrering.
Utnytting
Prosjektresultata skal utnyttast innan rimeleg tid sett i forhold til eigenarten til bransjen eller marknaden, eigenarten til forskingsfeltet og utviklings- og levetida og moglegheitene for utnytting av aktuelle produkt. Dersom den som har rettane til prosjektresultata, ikkje sørgjer for slik utnytting, kan personane som har skapt prosjektresultata, krevje rettane overførte til seg med mindre noko anna er avtalt mellom den prosjektansvarlege
og desse personane, eller mellom partane i prosjekt med samarbeidspartnarar, jf. punkt 3 og 8.3. Dette gjeld ikkje dersom
• tiltak for utnytting er sett i gang, og denne prosessen går føre seg, eller
• det at rettshavaren ikkje utnyttar eit prosjektresultat er av kommersiell betydning for utnyttinga av dei andre prosjektresultata til rettshavaren
Overføring av prosjektresultata til utanlandske rettssubjekt
Overføring av eigarskapen til og/eller lisensiering av dei eksklusive rettane til prosjektresultata til ein tredjepart som ikkje er samarbeidspartnar, og som er etablert i eit land utanfor EØS-området, krev skriftleg godkjenning frå Forskingsrådet. Forskingsrådet kan nekte overføring/lisensiering dersom ho vil vere i strid med nasjonale økonomiske interesser, etiske prinsipp eller omsynet til nasjonal tryggleik. Forskingsrådet kan alternativt setje vilkår for overføringa/lisensieringa. Viss Forskingsrådet ikkje svarer på oppmodinga om godkjenning innan fire veker etter å ha fått skriftleg førespurnad, kan ein rekne samtykke for å vere gitt. Føresegna gjeld i prosjektperioden og i tre år etter at prosjektet er avslutta.
Endring i eigarforhold – utanlandske eigarar
Forskingsrådet skal varslast skriftleg og utan opphald viss ein person eller eit føretak utanfor EØS-området overtar avgjerande kontroll over den prosjektansvarlege ved at det ervervar delar av selskapet (aksjar osv.), ved avtale eller på annan måte. Den prosjektansvarlege skal også varsle Forskingsrådet skriftleg og utan opphald viss ein person eller eit føretak utanfor EØS-området overtek avgjerande kontroll over samarbeidspartnarar etter at kontrakten er inngått.
Dersom endringane i eigarforhold inneber at prosjektresultata kan bli brukte i strid med nasjonale økonomiske interesser, etiske prinsipp eller omsynet til nasjonal tryggleik, har Forskingsrådet rett til å stille vilkår til prosjektet og prosjektresultata, medrekna heilt eller delvis vederlagsfri overføring av prosjektresultata eksklusivt til Forskingsrådet. Forskingsrådet kan også heve kontrakten og krevje tilbakebetaling av utbetalt støtte i samsvar med punkt 16. Føresegna gjeld i prosjektperioden og i tre år etter at prosjektet er avslutta.
8.3 Tilleggsføresegner for prosjekt med samarbeidspartnarar
Samarbeidsavtalen mellom partane, jf. punkt 3, skal regulere eigarskap til forskingsinfrastruktur, rettar til, vern og utnytting av prosjektresultat, og bruk av og eventuell godtgjersle for prosjektbakgrunn og forskingsinfrastruktur som blir bringa inn i prosjektet.
Følgjande prinsipp skal leggjast til grunn:
• I prosjektperioden skal den prosjektansvarlege og samarbeidspartnarane ha vederlagsfri bruksrett til alle prosjektresultat som er nødvendige for gjennomføringa av eige arbeid i prosjektet.
• Den prosjektansvarlege og samarbeidspartnarane skal ha bruksrett til prosjektresultat og prosjektbakgrunn på avtalte vilkår når det er nødvendig for å utnytte kommersielt prosjektresultat dei sjølv har rettar til i prosjektet.
9 Offentleggjering og arkivering
9.1 Offentleggjering av prosjektresultat
Med mindre anna følgjer av føresegnene i dette punktet, skal den prosjektansvarlege gjere prosjektresultata kjende så snart som mogeleg og blant anna sørgje for at formidlingstiltak og -planar som er oppgitt i kontrakten, blir gjennomførte.
Dersom offentleggjering er til hinder for vern eller kommersiell utnytting av prosjektresultata, kan offentleggjeringa mellombels utsetjast inntil slikt vern eller kommersiell utnytting er sikra.
I særlege tilfelle kan Forskingsrådet samtykkje skriftleg til varig hemmeleghald av prosjektresultata. Dette gjeld ikkje for prosjekt med deltakarar frå universitets- og høgskulesektoren, der universitets- og høgskuleloven er til hinder for slikt varig hemmeleghald.
Forskingsgenererte data skal vere allment tilgjengelege når prosjektet er avslutta, såframt det ikkje er særlege grunnar for noko anna eller kontraktsvilkår eller offentlege reglar hindrar det.
9.2 Arkivering av prosjektresultat
Den prosjektansvarlege skal sørgje for at alle forskingsgenererte data, deriblant alle dataa som ligg til grunn for publikasjonar, blir arkiverte i sikre, digitale arkiv. Slik arkivering skal skje snarast og seinast innan to år etter at prosjektet er avslutta. Forskingsrådet kan påleggje at slike data og nødvendig dokumentasjon for gjenbruk av dataa (metadata) blir lagra i nærmare oppgitt sikre nasjonale eller internasjonale arkiv.
Den prosjektansvarlege skal arkivere ein versjon av fagfellevurderte vitskapelege artiklar som byggjer på forsking heilt eller delvis finansiert av Forskingsrådet, i eigna, opne digitale arkiv. Den arkiverte versjonen skal ha same innhald og form som versjonen som tidsskriftet har publisert. Forpliktinga gjeld ikkje dersom open tilgang til den arkiverte versjonen kjem i konflikt med dei akademiske og juridiske rettane til forfattaren.
9.3 Offentleggjering av prosjektinformasjon
Den prosjektansvarlege skal omtale løyvinga til Forskingsrådet i den utetterretta informasjonen om prosjektet.
Forskingsrådet har rett til å offentleggjere namn på den prosjektansvarlege, prosjektleiaren, prosjekttittelen, tidslengda på prosjektet, prosjektsamandraget, den populærvitskapelege framstillinga og løyvinga.
Forskingsrådet kan offentleggjere prosjektresultat som er rapporterte i samband med framdrifts- og sluttrapportering, med mindre opplysningane er underlagde teieplikt.
Forskingsrådet kan i rimeleg omfang krevje at den prosjektansvarlege opprettar heimeside for prosjektet og deltek på relevante seminar, konferansar og andre formidlings- og nettverkstiltak.
10 Trumål
Forskingsrådet er underlagt lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd 19. mai 2006 nr. 16 (offentleglova) og føresegner om teieplikt i lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker 10. februar 1967 (forvaltningsloven).
12 Skadelaushalding og ansvarsfritak
Den prosjektansvarlege har ansvar for at gjennomføringa av prosjektet ikkje krenkjer rettane til ein tredjepart, medrekna opphavsrett og andre immaterielle rettar til ein tredjepart, eller på annan måte kan medføre krav frå ein tredjepart.
Den prosjektansvarlege skal halde Forskingsrådet skadelaus for alle krav som måtte oppstå i samband med gjennomføringa av prosjektet, medrekna krav som følgjer av inngrep i immaterielle rettar.
Forskingsrådet er ikkje juridisk eller økonomisk ansvarleg for skade eller tap som følgje av blant anna feil ved eller ukyndig bruk av utstyr, metodar eller program som er knytte til prosjektet.
13 Force majeure
Begge partane skal utan ugrunna opphald varsle den andre parten dersom eit force majeure-tilfelle forhindrar vedkommande part frå å oppfylle forpliktingane sine etter kontrakten.
Ingen av partane er ansvarleg for manglande overhald av forpliktingar etter kontrakten som følgje av force majeure.
Viss force majeure inneber ein risiko for at prosjektet ikkje kan gjennomførast i samsvar med kontrakten, skal partane møtast for å forhandle om nødvendige justeringar av kontrakten. Dersom partane ikkje blir einige om slike justeringar, kan Forskingsrådet stanse utbetalinga av løyvinga inntil force majeure-tilfellet tek slutt.
Dersom force majeure-tilfellet er venta å vare eller har vart i meir enn 90 dagar, kan kvar av partane seie opp kontrakten med éin månads varsel.
Forskingsrådet kan foreta dei endringane som går fram av kontrakten.
Endringar i kontrakten føreset samtykke frå Forskingsrådet.
15 Kontroll, revisjon og opplysningsplikt
Forskingsrådet, Riksrevisjonen eller ein tredjepart utpeikt av Forskingsrådet har rett til når som helst å kontrollere at løyvinga blir nytta i samsvar med kontrakten.
På oppmoding frå Forskingsrådet eller Riksrevisjonen skal den prosjektansvarlege leggje fram merknader, timelister, berekningar og anna relevant underlagsmateriale og andre opplysningar som Forskingsrådet og/eller Riksrevisjonen ber om for å kunne utføre ein slik kontroll.
Forskingsrådet og Riksrevisjonen kan krevje slik informasjon frå den prosjektansvarlege som er nødvendig for å kontrollere at reglane om offentleg støtte blir overhaldne.
16 Heving og krav om tilbakebetaling
• at dei utbetalte løyvingane er brukte i strid med kontrakten
• at den prosjektansvarlege ikkje vil eller ikkje er i stand til å fullføre prosjektet
Forskingsrådet kan dessutan heve kontrakten dersom
Den prosjektansvarlege skal varslast før Forskingsrådet bestemmer seg for å heve kontrakten.
Heving av kontrakten skal skje skriftleg og vere grunngitt.
16.2 Krav om tilbakebetaling
Viss Forskingsrådet hevar kontrakten på grunn av vesentleg misleghald hos den prosjektansvarlege i forhold til punkt 16.1, kan Forskingsrådet krevje tilbakebetaling av utbetalte løyvingar, med tillegg av forseinkingsrenter i samsvar med forseinkingsrenteloven (LOV-1976-12-17-100) frå hevingstidspunktet. Den prosjektansvarlege skal varslast før Forskingsrådet bestemmer seg for å krevje tilbakebetaling.
I staden for tilbakebetaling kan Forskingsrådet krevje å få overført rettane til prosjektresultata. Krav om slik overføring skal skje skriftleg. Den prosjektansvarlege pliktar å overføre rettane utan ugrunna opphald og skal dekkje kostnadene ved overføringa. Eigedomsretten går over frå den prosjektansvarlege til Forskingsrådet eller ein tredjepart ved overføring.
Forskingsrådet kan krevje tilbakebetalt ulovleg tildelt statsstøtte.
17 Tidslengde og opphøyr av kontrakten
17.1 Generelle føresegner
Kontrakten gjeld frå det tidspunktet han er signert av begge partar og Forskingsrådet har fått han og kopi av eventuelle signerte samarbeidsavtalar. Kontrakten blir avslutta utan varsel når prosjektet er avslutta og sluttrapporten er levert inn og godkjend.
Opphøyr av kontrakten fører ikkje til at fråsegnene i kontrakten som etter sin art ikkje er avgrensa til kontraktstida, blir avslutta. Dette gjeld blant anna føresegnene om prosjektrekneskap, rapportering, overdraging av prosjektresultat og offentleggjering.
17.2 Avslutting av kontrakten ved semje
Partane kan ved skriftleg semje avvikle kontrakten før prosjektperioden er ferdig.
18 Lovval/verneting
Kontrakten er underlagd og skal fortolkast i samsvar med norsk rett.
Tvistar skal avgjerast ved dei ordinære domstolane. Oslo tingrett er vedteken som verneting. Dersom den prosjektansvarlege er ei statleg verksemd, skal tvistar leggjast fram for Kunnskapsdepartementet, som tek stilling til korleis dei skal avgjerast.