Atterhald. Time kommune tek atterhald om at prosjektet i sin noverande form lar seg realisera innan avtalt tid. Kommunen kan kansellera denne avtalen dersom prosjektet, uansett årsak, ikkje lar seg realisera.
Atterhald. Løyving blir berre gitt for eitt budsjettår om gongen. Eventuelle tilsegner for etterfølgjande år er ikkje bindande for Forskingsrådet viss ikkje dette er særskilt fastsett i avtaledokumentet. Utbetaling av løyvinga det første året og innfriing av eventuelle tilsegner for etterfølgjande år føreset at det ikkje skjer endringar i offentlege reguleringar (regelverk, standardar, lovar osv.) eller oppstår andre uføresette omstende av vesentleg betydning for gjennomføringa av prosjektet eller for Forskingsrådet si evne til å bidra til gjennomføringa. Innfriing av Forskingsrådet si tilsegn for etterfølgjande år føreset blant anna • at det ikkje ligg føre vesentlege avvik • at Forskingsrådet godkjenner framdriftsrapporten og eventuelle endringsmeldingar i prosjektet, jf. punkt 6.2 Dersom éin eller fleire av desse føresetnadene ikkje er oppfylte, kan Forskingsrådet stanse eller endre framtidige løyvingar og tilsegner. Forskingsrådet kan også krevje at heile eller delar av den utbetalte løyvinga blir betalte tilbake, eller heve kontrakten i tråd med punkt 16 dersom vilkåra for dette ligg føre.