Oppgjer. Seljar og kjøpar gjev oppdragsansvarleg fullmakt til å heva sitt salær og utlegg i innbetaling frå kjøpar. Dersom kjøpesummen i si heilheit går med til å innfri eigedomen sine pengehefte, pliktar seljaren seg til å innbetale salær kontant til oppdragsansvarleg ved underteikning av denne kontrakt. Kjøpesum og omkostningar må vera godskrive oppdragsansvarlege sin klientkonto 9581.05.25712 Voss Veksel og Landmandsbank seinast innan utløpet av den aktuelle overtakingsdag, jfr. pkt. 4 i denne kontrakt. Ved heil, eller delvis forseinka innbetaling, uansett grunn, svarar kjøpar den til eikvar tid fastsette forseinkingsrente iht. forseinkingsrenteloven inntil betaling skjer. Kjøpar har ikkje rett til å forlenga betalingsfristen utover den frist som er avtalt i denne kontrakt. Advokat Marianne Jordalen førestår oppgjeret. Oppgjeret blir føreteke ved at oppgjersansvarleg overdreg underteikna skøyte for tinglysing mot at resterande salssum blir garantert utbetalt til seljar etter sletting av alle hefte på eigedomen. Kjøpar er inneforstått med at oppgjersansvarleg ikkje vil senda skøyte for tinglysing før kjøpesummen er innbetalt i si heilheit. I tillegg må omkostningane vera innbetalt. Ved seljar si underteikning av denne kontrakt får oppdragsansvarleg automatisk ugjenkalleleg fullmakt til å innfri den på eigedomen påhefta gjeld av kjøpesummen – herunder også eventuelt legalpant / kommunale avgifter. Sluttoppgjeret med seljar vil ikkje finne stad før oppgjersansvarleg har oversikt over gjelda og har betalt denne, samtidig som skøyte og kjøpar sine panteobligasjonar må vera tinglyst med riktig prioritet. Oppgjeret står på renteberande konto, og rentene tilfell seljar. Oppgjersansvarleg plikter ikkje å utbetala renter som utgjer mindre enn eit ½ rettsgebyr. Dersom seljar på overtakingstidspunktet ikkje kan stilla eigedomen / tomta til kjøpar sin disposisjon og kjøpar har oppfylt sine plikter etter kjøpekontrakten, svarar seljar renter overfor kjøpar i høve til den eikvar tid fastsette forseinkingsrente iht. forseinkingsrenteloven, frå avtalt overtakingsdato inntil overtaking finn stad. Seljar er inneforstått med at det ikkje vil bli føreteke oppgjer, før:- heile kjøpesummen er innbetalt frå kjøpar og er disponibel på advokatforetaket sin klientkonto- sikringsobligasjon er tinglyst- skøyte er tinglyst- kjøpar har overteke tomta- oppdragsansvarleg har mottatt signert overtakingsprotokoll Seljar vert gjort merksam på at det kan ta frå 1 til 2 veker frå heimelsdokumentet e...
Oppgjer. Seljar står for gjennomføring av kontrakten. I dette ligg at seljar skal tinglyse skøyte, registrere og slette naudsynte hefte, opprette og tinglyse andre dokument som har samanheng med kjøpet.Kjøpesummen forfell til betaling seinast 1-ein-månad etter tomtetildelinga. Dersom skøyte vert utlevert tidelgare forfell kjøpesummen til betaling ved utlevering av skøyte.
Oppgjer. Seljar står for gjennomføring av kontrakten. Det vil seie at seljar skal tinglyse skøyte, registrere og slette naudsynte hefte, opprette og tinglyse andre dokument som har samanheng med kjøpet. Etter at kjøpar har stadfesta at ein vil ta imot den tildelte tomta vert det gjeve ein frist på 30 dagar for betaling av eit forskot tilsvarande 50% av kjøpesummen (inkl. kostnader). Restsummen skal betalast innan ½ år etter at melding om tildeling av tomt er gjeve eller når feltet er byggjeklart. Ved for sein betaling, både av forskot og restsum skal det reknast morarente frå forfallsdatoen. Stryn Kommune sender faktura til kjøpar. Seljaren kan heve avtala dersom forseinking med betalinga inneber eit vesentleg avtalebrot. Seljar tek atterhald om å heve avtala sjølv om overtaking og overlevering av skøyte har funne stad, jamfør avhendingslova § 5-3 fjerde ledd og tinglysinglova § 21 tredje ledd. Vert avtalen heva som følgje av manglande oppfylling frå kjøpar etter overtaking, vedtek kjøpar å fråvike eigedomen ved tvang i tråd med tvangsfullbyrdelseslova § 13-2.