Rett til å tre ut døme på klausular

Rett til å tre ut. Den enkelte deltakar kan med to års skriftlig varsel seia opp sitt deltakarforhold i selskapet og krevja seg utløyst av dette. Vedtak i ein kommune om å gå ut må meldast representantskapet på årsmøtet. Utmeldinga kan tidlegast gjerast gjeldande 2 år etter det fylgjande årsskiftet. Utløysingssummen vert fastsett til nettoverdien av andelen ved utløpet av oppseiingsfristen. Utløysingssummen kan likevel ikkje overstiga verdien av deltakaren sine innskot. Utløysingssummen skal utbetalast straks. Det vert elles vist til lov om interkommunale selskap av 29. januar 1999 nr. 6 §30.
Rett til å tre ut. Kvar eigarkommune kan seia opp medlemskapen i selskapet. Oppseiing skal meldast skriftleg til representantskapet på årsmøtet. Avslutting av medlemskapen kan tidlegast skje 2 år etter det følgjande årsskiftet. Det skal betalast utløysingssum til den kommunen som melder seg ut. Summen tilsvarar nettoverdien av andelen til kommunen den dato medlemskapen er avslutta.Utløysingssummen skal utbetalast straks, men kan ikkje overstiga verdien av kommunen sine innskot. Det vert vist til lov om interkommunale selskap av 29. januar 1999 nr. 6 §30.