Læreavtale Sample Contracts

LÆREAVTALE
Læreavtale • September 15th, 2017

Læreavtalen er ein avtale mellom student og rettleiar i vernepleieutdanninga. Den er ein kontrakt mellom rettleiar og student i forhold til kva studenten ønskjer å fokusere på i praksisen. Den skal vidare regulere arbeidstid, lesedagar og rettleiing. Avtalen er meint å vere eit verktøy for studenten sin læringsprosess i praksis. Studenten skal i samarbeid med rettleiar sette opp læringsmål. Måla kan verte endra undervegs i praksisperioden dersom student og rettleiar opplever at det er behov for det. Læreavtalen bør kunne trekkast inn i rettleiing i samband med evaluering av praksis.