Verkeområde Eksempelklausuler

Verkeområde. Direktivet sitt verkeområde er omfattande og ikkje særleg klart avgrensa. Etter artikkel 3, nummer 1 gjeld direktivet for «virksomheders urimelige handelspraksis over for forbrugerne, som fastlagt i artikel 5, før, under og efter en handelstransaktion i forbindelse med et produkt». Direktivet rettar seg såleis berre mot vern av forbrukarane sine økonomiske interesser, jamfør fortalen punkt 6, og gjeld dermed ikkje handelspraksis mellom 195 Sak C-304/08 Zentrale zur Bekämpfung unlauteren Wettbewerbs eV mot Plus Warenhandelgesellschaft mbH, Sml. 2010
Verkeområde. Tenesteavtale 3 og 5 for samarbeid om inn- og utskriving skal bidra til kontinuitet i behandlingsforløpa for det store fleirtalet av brukarane/pasientane. Tenesteavtale 2 rettar seg mot ei mindre gruppe brukarar/pasientar med eit spesielt stort behov for koordinering på tvers av nivåa. Avtalen omfattar brukarar/pasientar frå somatisk sektor, psykisk helsevern, rusmedisin og menneske med nedsett funksjonsevne som særleg treng langvarige og koordinerte tenester frå minimum tre aktørar innan kommune- og spesialisthelseteneste1.
Verkeområde. Nettleigeavtalen omfattar vilkår for bruk av nettet til uttak av kraft. Nettselskapet stiller overføringskapasitet i det elektriske nettet sitt til disposisjon for nettkunden på dei vilkår som følgjer av standard nettleigeavtale og gjeldande tariffar, og lover og forskrifter som måtte ha innverknad på forholdet mellom nettselskapet og nettkunden. Annan bruk av nettet, t.d. signaloverføring, kan berre skje etter skriftleg avtale med nettselskapet. Nettselskapet har som hovudregel ei plikt til å gi alle tilgang til nettet (tilknytingsplikt). Tilknytinga skjer i samsvar med lov og forskrifter og nettselskapet sine tilknytingsvilkår. Ønskjer kunden endra tilknytingsvilkår, tek ein dette opp med nettselskapet. Nettselskapet sine plikter etter forskriftene vedkomande informasjon og endring av tariffar, gjeld også tilknytingsvilkår og endringar i desse. Nettet skal tåle vanleg bruk av godkjent utstyr frå nettkunden, inkludert bruk av ny teknologi /utstyr som er vanleg i bruk i hushaldningar. Dersom nettkunden ønskjer å kople til anna utstyr som krev større effektuttak, eller som vil kunne vere til sjenanse eller skade for den tekniske drifta av nettet, for nettselskapet eller andre nettkundar, skal bruken av slikt utstyr godkjennast av nettselskapet før tilkopling. Det er ein føresetnad at nettkunden sin bruk av nettet ikkje verkar forstyrrande for andre nettkundar eller den tekniske drifta av nettet. Som forstyrrande bruk av nettet vert rekna mellom anna forhold i kunden sitt anlegg som medfører avvik i dei krava til leveringskvalitet nettselskapet er forplikta på etter statens regelverk, jf mellom anna forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet. Nettkunden skal utan ugrunna opphald varsle nettselskapet om hendingar i eige anlegg eller eige utstyr dersom hendingane kan føre til at nettselskapet får problem med å kunne oppfylle pliktene sine om leveringskvalitet, jf forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet.
Verkeområde. Avtalen gjeld; • All transport mellom kommunar og helseføretaket (interkommunal transport) • All transport innan kommunen (kommunal transport) eller • til næraste stad der helsetenesta er i nabokommunen.
Verkeområde. Nettleigevilkåra omfattar vilkår for bruk av nettet til uttak av elektrisk energi i samsvar med lover og forskrifter og innmating frå plusskundar i samsvar med forskrift om økonomisk og teknisk rapportering mv (FOR-1999-03-11-302). Nettselskapet stiller overføringskapasitet i det elektriske nettet sitt til disposisjon for Kunden på vilkåra som følgjer av nettleigevilkåra, gjeldande tariffar og lover og forskrifter som har betyding for forholdet mellom Nettselskapet og Kunden. Annan bruk av nettet, medrekna signaloverføring, kan berre skje etter skriftleg avtale med Nettselskapet.
Verkeområde. Dette rundskrivet gjeld for statlege styresmakter når dei inngår kontraktar om tenester og bygg- og anleggsarbeid som nemnt i lov om offentlige anskaffelser av 16. juli 1999 og forskrift om offentlige anskaffelser av 15. juni 2001 (innkjøpsforskrifta). Med statlege styresmakter er det denne samanhengen meint dei statlege styresmaktene som regjeringa har instruksjonsmakt over. Rundskrivet gjeld for kontraktar om alle tenester og bygg- og anleggsarbeid som overstig EØS-terskelverdiane, for tida 1 150 000 kroner for tenester og 38 550 000 kroner for byggje- og anleggskontraktar, jf. innkjøpsforskrifta § 2-2. Bakgrunnen for å bruke same beløpsgrense som for kravet til kunngjering i EØS, er at graden av samhandel er størst for kontraktar over terskelverdiane. Plikta til å regulere løns- og arbeidsforhold i kontraktar gjeld difor der behovet er størst. Det er likevel viktig å merke seg at klausulane må gjerast gjeldande så vel for nasjonale som for utanlandske leverandørar.
Verkeområde. Reglementet gjeld for organisering og drift av drosjesentralar og drosjeløyve i Bergen køyreområde. Bergen køyreområde femner om kommunane Bergen, Askøy, Fjell og Sund.
Verkeområde. Delavtalen skal sikre samordning av beredskapsplanar og andre tiltak for effektivisere og optimalisere helseberedskapen ved hendingar som truar liv, helse og som krev ekstraordinær innsats. Med «beredskapssituasjonar» er det her tenkt på uønskte hendingar som er meir omfattande og krevjande å handtere enn dei helsetenesta møter i det daglege, t.d. på grunn av omfanget eller typen skadar eller sjukdom, trongen for ressursar eller forholda elles.
Verkeområde. 1. Avdeling I, II, IV og V, bortsett frå artikkel 34 nr. 2 og artikkel 38, skal nyttast på alle kollektive forvaltingsorgani- sasjonar som er etablerte i Unionen. 2. Avdeling III og artikkel 34 nr. 2 og artikkel 38 skal nyttast på kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte i Unionen, og som forvaltar opphavsrettar til musikkverk for multiterritoriell bruk på nettet. 3. Dei relevante føresegnene i dette direktivet skal nyttast på einingar som ein kollektiv forvaltingsorganisasjon eig eller kontrollerer direkte eller indirekte, heilt eller delvis, så framt desse einingane driv ei verksemd som, dersom ho hadde vore driven av den kollektive forvaltingsorganisasjonen, ville ha vore underlagd føresegnene i dette direktivet. 4. Artikkel 16 nr. 1, artikkel 18 og 20, artikkel 21 nr. 1 bokstav a), b), c), e), f) og g) og artikkel 36 og 42 skal nyttast på alle uavhengige forvaltingseiningar som er etablerte i Unionen.
Verkeområde. Avtalen gjeld heile spekteret av tiltak som kan bidra til å fremje god folkehelse, hindre sjukdom og hindre forverring av sjukdom. Dette vert delt inn i helsefremjande verksemd, primærførebyggjing, sekundær- førebyggjing og tertiærførebyggjing. Primærhelsetenesta og det tverrsektorielle folkehelsearbeidet er sentrale aktørar i dette. Ved sekundærførebyggjing har målgruppa utvikla og fått påvist uheldige, men ofte symptomfrie faktorar som t.d. høgt blodtrykk/høg kolesterol, og der tiltak vert sett inn mot desse. Medikamentbehandling inngår ofte her. Aktivitetane føregår ofte i regi av primær-helsetenesta, men er ofte igangsett i spesialisthelsetenesta. Massestrategiane i helsefremjing/primærforebygging vere retta inn mot alle eller store grupper. Siktemålet her er ofte å oppnå små endringar hos den enkelte, men med stor samla effekt på folkehelsa.I høgrisikostrategiar set ein inn ressursane mot små grupper med kjent høg risiko med sikte på å få til større grader av risikoreduksjon. Vinsten for desse individa kan være betydeleg, men for innbyggjarane totalt sett (målt ved t.d. totaldødelighet) kan effekten likevel vere ganske moderat.