Formål. Avtalen gjeld kandidatar som gjennom enkeltvedtak er tekne opp til ei ph.d.-utdanning. Avtalen har som formål å sikre gjennomføring av ph.d.-utdanninga og regulere rettane og pliktene til partane innanfor ramma av lover, forskrifter og opptaksvedtaket.
Formål. Formålet med avtala er å samarbeide om felles areal og felles jakt-/kortordning for elg-, hjort- og rådyrjakt, samt småviltjakt.
Formål. Hovudformålet med avtalen er å sikre at HVL, eigar og praksisbarnehage gir praksisopplæring i samsvar med avtalar og regelverk som gjeld den enkelte utdanninga, samt styrke samarbeidet mellom HVL og barnehagen og skape samanheng mellom opplæring på studiestad og i praksis. Praksissamarbeidet er i hovudsak knytt til barnehagelærarutdanninga, men kan etter nærare avtale også omfatte praksis i grunnskulelærarutdanningar, bachelorutdanningar, masterutdanningar og vidareutdanningar. Samarbeid på andre område er også ønskjeleg, f.eks. innanfor undervisning, etter- og vidareutdanning og forskings- og utviklingsarbeid.
Formål. Avtalen skal bidra til god kvalitet i praksisopplæringa for studentane i dei ulike utdanningane og bidra til å oppfylle kravet om at praksis skal vere profesjonsretta og ein integrert del av utdanningane, samt gjennomførast i tråd med gjeldande lov og regelverk, under dette også GDPR. Gjennom gjensidig samarbeid er partane med på å bidra til rekruttering av kvalifiserte profesjons- /yrkesutøvarar i kommunane. Avtalen skal danne grunnlag for eit forpliktande samspel mellom fakultetet og praksisfeltet om studentane si praksisopplæring, utvikling av studieprogram og praksisfeltet, FOU-samarbeid og om kompetanseheving.