Føremål. Denne delavtalen har som hovudføremål å sikre innbyggjarane god fagleg, samordna og effektiv innsats ved akutte situasjonar og behov for øyeblikkeleg hjelp. Dette gjeld og ved overgrep og vald i nære relasjonar. Delmål: ▪ Avklarte ansvarsforhold ▪ Oppdatert prosedyreverk ▪ Avklarte kriteria og rutinar for varsling, kommunikasjonskanalar og tilgjenge i naudnettet ▪ Etablere samhandlingsforum ▪ System for opplæring og øving
Føremål. Konkretisere oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunen og spesialisthelsetenesta, samt etablere gode samarbeidsrutinar for å sikre eit heilskapleg tenestetilbod. • Sikre brukarane lik tilgang til koordinerte tenester og trygg overgang mellom kommune og spesialisthelsetenesta. • Sikre medverknad i eiga behandling og at tenestene er retta mot behova til brukarane.
Føremål. Denne delavtalen har som føremål å bidra til god samhandling om tenester, utvikling av tenestene og koordinerte pasientforløp gjennom felles retningsliner for gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling og god dialog mellom partane.
Føremål. Denne delavtalen har som føremål å legge til rette for felles tiltak for å styrke kunnskap og kompetanseoppbygging hos helse- og omsorgspersonell, og vidare forsking og innovasjon som understøttar intensjonane i samhandlingsreforma. I tillegg er det eit overordna mål å vidareutvikle tenestene med utgangspunkt i at tenestene skal vere kunnskapsbaserte og av høg kvalitet.
Føremål. Forvaltning av kommunens langsiktige finansielle aktiva har som føremål å sikre ei langsiktig avkastning som kan bidra til å gje innbyggjarane i Sande kommune eit best mogleg tenestetilbod. Det skal styrast etter ein rullerande investeringshorisont på 5 år og eit årleg avkastningsmål på norsk 3 års statsobligasjon + 1,5 % - poeng overtid.
Føremål. Denne delavtalen har som føremål å sikre eit godt samarbeid mellom psykiske helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling og kommunane, slik at brukarane får eit heilskapleg tilbod med best mogleg fagleg og brukaropplevd kvalitet. Avtalen skal bidra til at innbyggarane i Sogn og Fjordane får lik tilgang til tenestetilboda innan psykiske helsetenester og rusbehandling/-omsorg. Avtalen skal også styrke kunnskapen om tilboda, definere ansvarsområde, avklare gråsoner og fremje rasjonell ressursbruk.
Føremål. Delavtalen skal avklare det formelle grunnlaget og ansvarsfordelinga mellom partane, og har som føremål å sikre god og trygg pasienttransport samstundes som samfunns- behovet for god ressursutnytting vert ivareteke. Delmål: • Felles avklaring av rekvisisjonsrutinar • Tilrettelegging for elektronisk rekvirering og kommunikasjon • Felles forståing i oppfølging av samkøyring og soneinnkalling • Avklaring av kommunikasjon i samband med utskriving av pasientar • Kompetanseheving
Føremål. Dette reglementet har følgjande føremål: • Sikre kvalitet i fylkeskommunen sitt arbeid med å vurdere behovet for drosjeløyve i Bergen køyreområde. • Etablere rutinar for justering av løyvetalet som er kjent for aktørane i næringa. • Sikre ein sunn konkurranse i drosjenæringa både mellom drosjesentralar og mellom løyvehavarar. • Auke utnyttingsgraden av eksisterande løyver og kvaliteten på drosjetenester. • Sikre eit tenleg drosjetilbod i Bergen køyreområde.
Føremål. Denne delavtalen har som føremål å styrke samhandlinga og samordninga av helseberedskapen mellom kommunane og Helse Førde, for samla sett å kunne handtere beredskapssituasjonar på ein så effektiv og god måte som mogleg.
Føremål. Denne delavtalen har som føremål å understøtte intensjonane i Samhandlingsreforma og i Stortingsmelding nr. 12 (2008-2009) ”En gledeleg begivenhet, om en sammenhengende svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg”. Vidare skal avtalen sikre at tilboda er i samsvar med Helsedirektoratet sine tilrådingar i rettleiaren ”Et trygt fødetilbud. Kvalitetskrav til fødselsomsorgen» (IS-1877, 12/2010). Avtalen skal følgje opp Områdeplan for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Helse Førde. Avtalen skal gje naudsynt avklaring av ansvars- og oppgåvefordeling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta og tilrettelegge for samarbeid som sikrar forsvarlege tenester, herunder tilstrekkeleg tilgang på jordmorkompetanse.